Annika Billstam
Annika Billstam (fødd 8. mars 1976) er ein svensk tidlegare orienteringsløpar frå Uppsala. Ho vart verdsmeister på klassisk-distansen i 2011 og på mellomdistansen i 2014 og 2015. Perioden 2007-15 vann ho 14 medaljar i verdsmeisterskap.
Annika Billstam | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 8. mars 1976 (48 år) Uppsala |
Idrett | orientering |
Aktiv
endreBillstam vann den fyrste av sju stafettmedaljar under VM 2007, ein sølvmedalje. I åra frå 2008 til -15 sanka ho ytterlegare medaljar med svenske stafettlag, fem av dei i bronse og ein i sølv.
Billstam kom på bronseplass på klassisk-distansen i VM 2008. Tre år seinare vann ho gullmedaljen på den same distansen då VM 2011 vart avvikla i Savoie i Frankrike. Deretter sikra ho seg to individuelle bronsemedaljar ved VM 2012 og sølvmedaljen på kortdistansen ved VM 2013. I Italia i 2014 vann ho VM-gullet på mellomdistansen, ein prestasjon ho gjentok under VM 2015 i Skottland.
Billstam vann tre verdscup-tevlingar. Frå europameisterskap i orientering har ho ein einsleg bronsemedalje frå stafetten i Falun i 2012.
Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap
endre- VM 2007: Sølv i stafett
- VM 2008: Bronse på klassisk-distansen og i stafett
- VM 2010: Bronse i stafett, nr 5 på mellomdistansen
- VM 2011: Gull på klassisk-distansen, bronse i stafett
- VM 2012: Bronse på klassisk- og kortdistansen, sølv i stafett
- VM 2013: Sølvmedalje på kortdistansen
- VM 2014: Gull på mellomdistansen, bronse i stafett
- VM 2015: Gull på mellomdistansen, bronse i stafett
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Annika Billstam» frå Wikipedia på svensk, den 10. juli 2023.