Annita á Fríðriksmørk
Annita á Fríðriksmørk (fødd 27. juli 1968 i Tórshavn[1]) er ein færøysk politikar som representerer Tjóðveldi. Ho var medlem av det færøyske Lagtinget frå 1998 til 2011 og på nytt frå 2015 til 2019.
Annita á Fríðriksmørk | |||
| |||
Fødd | 27. juli 1968 (56 år) Tórshavn | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Parti | Tjóðveldisflokkurin | ||
Yrke | politikar, lærar | ||
Utdanna ved | Føroya Læraraskúli | ||
Verv | Kulturminister på Færøyane 17. september 2003–5. desember 2003 | ||
Føregangar | Annlis Bjarkhamar | ||
Etterfylgjar | Jógvan á Lakjuni | ||
Verv | Lagtingsmedlem 1998–2011, 2015–2019 | ||
Alle verv |
Bakgrunn
endreTidleg i 1990-åra gjekk Annita á Fríðriksmørk Føroya Læraraskúli[2][3] og leia den færøyske studentorganisasjonen MFS.[4] Ho har også ein bachelorgrad i statsvitskap.[5] Ho arbeidde som lærar før ho blei politikar på heiltid.[2][3] Ho har også arbeidd i sekretariatet for Nordatlantisk samarbeidsråd (NORA) i Tórshavn.[5]
Politisk karriere
endreAnnita á Fríðriksmørk blei fyrste gong vald inn på Lagtinget frå Suðurstreymoy i 1998. Ho fekk sete i Lagtingets kulturkomité, der ho var komitéleiar frå 2002 til 2004. I september 2003 blei ho kulturminister i den andre regjeringa til Anfinn Kallsberg, men partiet trekte seg fra regjeringssamarbeidet i desember same år.[2][3][5]
Annita á Fríðriksmørk møtte i det danske Folketinget som vara for Høgni Hoydal i september og oktober 2008.[6]
Frå 2015 til 2019 var Annita á Fríðriksmørk leiar i Lagtingets utanrikskomité og leiar for lagtingsgruppa til Tjóðveldi.[5] Ho var også leiar for partiet si lagtingsgruppe frå 2009 til 2011. Ho blei ikkje attvald til Lagtinget i 2019.
Kjelder
endre- ↑ ft.dk - Annita á Fríðriksmørk (TF)
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Dahl, Árni (2002). «Ævisøgur». Løgtingið 150 – Hátíðarrit (PDF) (på færøysk) 2. Løgtingið. s. 279. ISBN 978-99918-966-5-6. Arkivert frå originalen (PDF) 4. januar 2014.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «Annita á Fríðriksmørk» (på færøysk). Løgtingið. Henta 18. september 2021.
- ↑ Højgaard, Per (4. august 1994). «MFS berjist fyri valbæri». Dimmalætting (på færøysk): 3.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 «Annita á Fríðriksmørk» (på færøysk). Tjóðveldi. Henta 18. september 2021.
- ↑ «Annita á Fríðriksmørk (TF)» (på dansk). Folketinget. Henta 18. september 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Annita á Fríðriksmørk» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2024.