Annobón

øy i Ekvatorial-Guinea
(Omdirigert frå Annobon)

Annobón (av og til stava Annabon eller Anabon, òg Pagalu eller Pigalu), er ei 17 km² stor øy i Guineabukta. Ho tilhøyrer Ekvatorial-Guinea som ein eigen provins.[2]

Annobón
øy
Land  Ekvatorial-Guinea
Del av verneområde i Ekvatorial-Guinea
Areal 17 km²
Folketal 5 232 (2015)[1]
Kart
Annobón
1°26′07″S 5°37′51″E / 1.435278°S 5.630833°E / -1.435278; 5.630833
Wikimedia Commons: Annobón

Annobón er ei skogkledd vulkanøy[2] med basalt- og trachyttklipper. Portugisarar oppdaga øya på nyårsdagen 1471, og gav henne namnet Anno bom, portugisisk for ‘Godt år’. I 1778 blei øya overført til Spania. Etter at Spansk Guinea blei sjølvstendig i 1968 er øya ein del av Ekvatorial-Guinea.[3][2]

Dyreliv

endre

Annobonbrillefugl og annobonparadismonark er endemiske fugleartar på øya.

Kjelder

endre