Ekvatorial-Guinea

For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Guinea (fleirtyding).
República de Guinea Ecuatorial
République de la Guinée Équatoriale
República da Guiné Equatorial

(norsk: Ekvatorial-Guinea, ekvatorialguineansk)

Det ekvatorialguineanske flagget Det ekvatorialguineanske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Caminemos pisando la senda»
Motto Spansk: Unidad, Paz, Justicia
(Eining, fridom, rettferd)
Geografisk plassering av Ekvatorial-Guinea
Offisielle språk Spansk, fransk og Portugisisk
Hovudstad Malabo
Styresett
Republikk
Teodoro Obiang Nguema Mbasogo
Vicente Ehate Tomi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
28 051 km² (143.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
778 358 (162.)
27,7 /km² (152.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Spania
12. oktober 1969
Nasjonaldag 12. oktober
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
25 940 mill. USD (130.)
35 200 USD (37.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +240
Toppnivådomene .gq


Ekvatorial-Guinea er ein sentralafrikansk republikk med grense mot Kamerun og Gabon. Landet er danna av territorium på det afrikanske fastlandet, kjent som Río Muni eller Mbini, øyane Bioko og Annabón og nokre mindre øyar i Guineabukta.[1] Hovudstaden Malabo ligg på Bioko. Ekvatorial-Guinea er eit av dei minste landa i Afrika.

GeografiEndra

 
Kart over Ekvatorial-Guinea

Øya Bioko i Biafrabukta er fjellrik og vulkansk med fruktbar jord. Ein har lenge dyrka kakao i låglandet, medan det er kaffiplantasjar i skråningane opp mot Pico de Santa Isabel, det høgaste fjellet i landet. På den sørlege delen av øya er det kupert terreng og fossefall. På det tynt folkesette fastlandet fører mangrovesumpar langs kysten inn til tette, tropiske regnskogar. Her har internasjonale føretak konsesjon på å ta ut tømmer, særleg treslaga okoumé og mahogni.

I tillegg til Bioko og Annabón er Corisco, Great Elobey og Little Elobey del av landet.[1]

Landet omfattar fleire økoregionar. Río Muni-regionen ligg innanfor regionen atlantiske ekvatorialske kystskogar med flekkar av sentralafrikanske mangrovar ved kysten, særkeg ved Muni-estuaret. Cross-, Sanaga- og Bioko-kystskogane dekkjer det meste av Bioko og tilstøytande delar av Kamerun og Nigeria på fastlandet, medan Kamerunfjellet og Bioko montane skogar dekkjer høglandet på Bioko og Kamerunfjellet på fastlandet. São Tomé, Príncipe og Annobón-skogane er ein økoregion av fuktige låglandsskogar som dekkjer det meste av Annobón.[2]

FaunaEndra

I fastlandsdelen finst det pattedyr som låglandsgorilla, sjimpanse, mandrill, ulike halvapar og skogselefant, raudbøffel, fleire antiloper og skjeldyr. På Bioko finst det fleire apeartar, små antiloper og gnagarar.[1]

Det er funne kring 835 fugleartar i landet. Av krypdyr finst det mellom anna krokodillar og mange ulike slangar, som pytonslangar. Insekt omfattar mellom anna mange biller, maur, termittar, sommarfuglar, malariamygg og tsetsefluge.[1]

KlimaEndra

Både fastlandet og øyane utanfor kysten har eit typisk ekvatorialt klima med høge temperaturar, høg luftfukt, mykje regn og mykje skyer året rundt. På fastlandet får kystsletta i året mellom 2400 og 4600 mm nedbør med to topper i året. Platået er noko tørrare. I Bioko kan ein få over 5000 mm i året. Middeltemperaturen er kring 26 °C og varierer lite gjennom året. Igjennom døgnet kan derimot temperaturen variere mellom 34 og 17 °C.

HistorieEndra

 
Frå Corisco kring 1910.

Øya Bioko vart oppdaga av kolonimaktene i 1471 av den portugisiske oppdagaren Fernão do Poo. Området var portugisisk koloni til det vart overført til Spania i 1778. Fastlandsdelen av landet vart eit spansk protektorat i 1885 og ein koloni i 1900. Ekvatorial-Guinea vart sjølvstendig i 1968 etter 190 år som den spanske kolonien, Spansk Guinea. President Mbasogo har styrt frå han tok makta i eit kupp i 1979.

ØkonomiEndra

Før sjølvstendet var landet avhengig av produksjon av kokos. Store petroleumressurser vart oppdaga 1996. Landet har etter kvart vorte det tredje mest oljeeksporterande landet sør for Sahara. Andre viktige næringsvegar er skogbruk, landbruk og fiskeri.

FolkesetnadEndra

Tre fjerdedelar av innbyggjarane bur på fastlandet. 73,6 prosent av innbyggjarane bur i urbane område (2021). Dei to største byane i landet er Bata på fastlandet og Malabo på Bioko.[1]

Fleirtalet av folket i landet vert utgjort av folk med bakgrunn i bantufolk. Den største stammen, fang, utgjer 80 prosent av folkesetnaden. Desse er dominerande på fastlandet. På øyane finst òg bubifolk og fernandinos, som stammar frå engelsktalande kreolar.[1]

Spansk og fransk er offisielle språk i landet.[1] Ekvatorial-Guinea er det einaste afrikanske landet som har spansk som offisielt språk, og det blir tala av kring 68 prosent av innbyggjarane. Andre språk er bantuspråket fang og bubi. Det blir også tala pidgin-engelsk på Bioko og portugisisk kreol på Annabón. I tillegg bruker ein ibo og fransk i landet.[1]

 
Santa Isabel-domkyrkja i Malabo

Den mest utbreidde religionen i Ekvaatorial-Guinea er kristendommen, som 93 % av innbyggjarane følgjer. Katolikkar er den største gruppa (88 %), medan ein minoritet er protestantar (5 %). 2 % av folka følgjer slam, for det meste sunni-islam. Dei gjenverande 5 % praktiserer animisme, bahai og andre livssyn.[3]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Thuesen, Nils Petter; Lundbo, Sten (7. februar 2023). «Ekvatorial-Guinea». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Dinerstein, Eric; Olson, David; Joshi, Anup; Vynne, Carly; Burgess, Neil D.; Wikramanayake, Eric; Hahn, Nathan; Palminteri, Suzanne; Hedao, Prashant; Noss, Reed; Hansen, Matt; Locke, Harvey; Ellis, Erle C; Jones, Benjamin; Barber, Charles Victor; Hayes, Randy; Kormos, Cyril; Martin, Vance; Crist, Eileen; Sechrest, Wes; Price, Lori; Baillie, Jonathan E. M.; Weeden, Don; Suckling, Kierán; Davis, Crystal; Sizer, Nigel; Moore, Rebecca; Thau, David; Birch, Tanya; Potapov, Peter; Turubanova, Svetlana; Tyukavina, Alexandra; de Souza, Nadia; Pintea, Lilian; Brito, José C.; Llewellyn, Othman A.; Miller, Anthony G.; Patzelt, Annette; Ghazanfar, Shahina A.; Timberlake, Jonathan; Klöser, Heinz; Shennan-Farpón, Yara; Kindt, Roeland; Lillesø, Jens-Peter Barnekow; van Breugel, Paulo; Graudal, Lars; Voge, Maianna; Al-Shammari, Khalaf F.; Saleem, Muhammad (2017). «An Ecoregion-Based Approach to Protecting Half the Terrestrial Realm». BioScience 67 (6): 534–545. ISSN 0006-3568. PMC 5451287. PMID 28608869. doi:10.1093/biosci/bix014. 
  3. «International Religious Freedom Report for 2017». Arkivert frå originalen 26. februar 2020. Henta 22. mai 2019. 

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ekvatorial-Guinea