Guineabukta

Guineabukta er ei bukt som ligg aust i Atlanterhavet, utanfor Vest- og Sentral-Afrika. Elfenbeinskysten, Ghana, Togo, Benin, Nigeria, Kamerun og Ekvatorial-Guinea har kyst mot bukta, medan øystaten São Tomé og Príncipe ligg i henne. Bukta mellom Benin og utløpet av Niger er kjend som Beninbukta, medan bukta mellom Niger og Kapp Lopez blir kalla Biafra- eller Bonnybukta.

Guineabukta
bukt
Gulf of Guinea 5.24136E 2.58756N.jpg
Satellittbilde av Guineabukta.(Kjelde: NASA)
Land Flag of Liberia.svg Liberia, Flag of Côte d'Ivoire.svg Elfenbeinskysten, Flag of Ghana.svg Ghana Flag of Togo.svg Togo, Flag of Benin.svg Benin Flag of Nigeria.svg Nigeria, Flag of Cameroon.svg Kamerun Flag of Equatorial Guinea.svg Ekvatorial-Guinea, Flag of Gabon.svg Gabon Flag of São Tomé and Príncipe.svg São Tomé og Príncipe
Del av Nord-Atlanteren

Guineabukta
1° N 4° E
Gulf of Guinea-fr.jpg
Wikimedia Commons: Gulf of Guinea

Den internasjonale hydrografiorganisasjonen (IHO) definerer grensa for bukta mot sjølve Atlanteren som «ei linje som går sørvest frå Kapp Palmas i Liberia til Kapp Lopez i Gabon».[1]Nullmeridianen og ekvator (lengdegrad 0 og breiddegrad 0) kryssar kvarandre i bukta.[2]

Nigerelva er den viktigaste elva som renn ut i bukta.

Guineabukta er utan større sokkelområde, og skrånar raskt ned mot store havdjupner. Største djupna i Guineabukta er over 5000 meter.

ØyarEndra

Det ligg fleire øyar i bukta. Dei største ligg i ei øyrekkje som går i sørvestleg-nordaustleg retning, og er ein del av den vulkanske Kamerunlinja.

Bobowasiøya høyrer til Ghana.

Annobón, også kjend som Pagalu og Pigalu, Corisco, Elobey Grande og Elobey Chico høyrer til Ekvatorial-Guinea.

Bioko ligg utanfor Ambazonian-regionen i Kamerun, men tilhøyrar Ekvatorial-Guinea, og husar hovudstaden i landet.

São Tomé og Príncipe er ein portugisiskspråkleg øystat som fekk sjølvstende frå Portugal i 1975. Han utgjer to øyar, São Tomé og Príncipe. Dei ligg 140 km unna kvarandre, og er kring 250 og 225 unna nordvestkysten av Gabon. Begge er del av Kamerunlinja. São Tomé, den sørlege øya, ligg like nord for ekvator.

KjelderEndra

  1. «Limits of Oceans and Seas, 3rd edition» (PDF). International Hydrographic Organization. 1953. Arkivert frå originalen (PDF) 2011-10-08. Henta 7. februar 2010. 
  2. Rosenberg, Matt (30. januar 2020). «Where Do the Prime Meridian and the Equator Intersect?». ThoughtCo. Henta 7. juli 2022. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Guineabukta