Annok Sarri Nordrå

Annok Sarri Nordrå (14. januar 19314. mai 2013) var ein samisk forfattar frå Kiruna i Sverige. Ho var gift med den norske forfattaren Olav Nordrå, og dei budde for det meste i Oslo. Ho skreiv bøkene sine på norsk og svensk.

Annok Sarri Nordrå
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. januar 1931
Kiruna
Død

4. mai 2013 (82 år)

Yrke skribent
Ektefelle Olav Nordrå

Trilogien Ravnas vinter (1973), Fjellvuggen (1975) og Avskjeden med Saivo (1981) fortel om «en samejentes oppbrudd fra hjemstavn og samisk tradisjon, og om hvordan hun integreres i storsamfunnet uten at røttene i det samiske helt går tapt.»[1]

Annok Sarri Nordrå har òg skrive boka Lapplandraderingar (1989) på svensk.

Kjelder endre

  1. «Annok Sarri Nordrå». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 28. september 2014. 

Litteratur endre

  • Jernsletten, Kristin 1999: Going to the city : ghosts inn the fictional life of a native woman : Annok Sarri Nordrå's Ravnas vinter. Hovudoppgåve, allmenn litteraturvitskap, Universitetet i Tromsø.