Koordinatar: 67°51′18.371″N 20°13′37.931″E

Kiruna
by
Sentrala Kiruna fotografert frå Luossavaara. Kyrkja er til venstre og rådhuset i høgre kant av bildet.
Våpenskjold
Land  Sverige
Region Lappland
Fylke Norrbottens län
Distrikt Jukkasjärvi distrikt
Kommune Kiruna kommun
Del av Kiruna kommun
Areal 1 006 km²
Folketal 17 513 (31. desember 2020)
Kart
Kiruna
67°50′56″ N 20°18′10″ E
Wikimedia Commons: Kiruna

Kiruna (nordsamisk Giron, finsk/meänkieli (tornedalsfinsk) Kiiruna/Kieruna) er ein svensk by i Norrbottens län. Han er den største tettstaden i landskapet Lappland med 17 037 innbyggjarar (2015).[1] Han er administrasjonssenter for Kiruna kommune.

Kiruna er eit utprega gruvesamfunn som ligg mellom dei to fjella Luossavaara og Kiirunavaara, begge med store jernmalmførekomstar, og på sørhellinga av det tredje fjellet Haukivaara, som omsluttar byen. Byen vart grunnlagt i 1900. Ein disponent ved gruveselskapet LKAB, Hjalmar Lundbohm, vert rekna som grunnleggjaren av byen. Kiruna fekk bystatus i 1948, og vart dermed den største byen i verda ut frå areal, på over 20 000 km². Han er derimot ikkje den største kommunen i verda ut frå areal.

Staden byrja å vekse fram i samband med at utvinninga av malm for alvor byrja i 1898. Sjølve bybusetnaden ligg delvis over malmførekomstane. Eit av bustadområda frå den tidlege historia til byen har vorte avstengt på grunn av faren for at grunnen skal gje etter. Dei siste åra har problemstillinga vorte ytterlegare aktuell, då det no blir brote malm slik at både jernbaneområdet, E10 og andre bustadområde blir utsett for same fare for at grunnen kan rase ut, og faktisk på sikt at bykjernen ligg utsett til. Difor er flytting av sentrale delar av byen alt under planlegging, sjå Kiruna byforvandling.

Namn endre

Kiruna Söderberg, den første «innfødde» i den nye byen Kiruna, og familien hennar.

Kiruna fekk sitt noverande namn 27. april 1900, ved bygrunnlegginga. Tidlegare var staden kjend som Luossavare, etter fjellet Luossavaara ('Laksefjellet'), men dette namnet var rekna som for tungvint å skrive og uttale. I staden tok ein namnet på fjellet Gironvárri ('Fjellrypefjellet'), forfinska det til Kiirunavaara og forkorta det til «Kiruna».

Historie endre

Før 1800 endre

Samar ved Luossajärvi, fotografert mellom 1920 og 1940.

Ifølgje arkeologiske utgravingar har Kiruna-området har vore folkesett i minst 6000 år, sidan den siste istida. Før svenskane kom til staden budde her samar og finnar.[2]

Malmførekomstane i Kiirunavaara og Luossavaara har vore kjend lenge av samane, men det var først år 1696 at skrivaren Samuel Isson Mört fekk høyre om jernmalmen. Det var under ei ferd for å undersøkja ein koparførekomst i området at han fekk vita dette. Han rapporterte nyhendet til Bergskollegium, men det varte heilt til 1736 før fjella vart ordentleg undersøkt. Det vart teikna eit kart over området der Kiirunavaara og Luossavaara vart døypt til «Friedrichs Berg» og «Berga Ulrika Eleonora» etter regjerande kong Fredrik I og dronning Ulrika Eleonora. Utvinning av malm kom likevel ikkje på tale sidan området låg avsides til og klimaet var for hardt. Dessutan var det eksportforbod for svensk malm, ei lov som vart oppheva først i 1857.

1800-talet endre

B:1, den første bygningen i Kiruna.
Tårna til den gamle brannstasjonen og rådhuset i Kiruna.
Kvartalet Ortdrivaren

Det vart brote ein del malm alt på 1800-talet i fjellet ved Luossavaara. Malmen vart utvunnen sommarstid, og vart frakta med sledar køyrt av rein og hest om vintrane. I Palokorva var det ein masomn der malmen vart foredla. Men transportkostnadane vart så store av utbyttet vart minimalt. I tillegg inneheldt malmen frå Kirunaområdet fosfor, som vanskeleggjorde stålframstillinga ytterlegare.

I 1878 fann eit par engelske kjemikarar opp den såkalla thomasprosessen, som gjorde det mogleg å skilje ut fosfor frå jernmalm. Det gjorde at malmutvinning vart lønsamt, viss ein kunne finne ei løysing på transportkostnadane. Ein hadde lenge planlagt ein jarnbane frå Luleå til Gällivare, og no vart planane realisert. Eit engelsk selskap tilbaud seg å byggje ein jarnbane frå Luleå og heilt til den norske kysten, og denne strekninga fekk namnet Malmbanen. Prosjektet vart sett i gang i 1884, og etter fire år var ein provisorisk bane bygd fram til Malmberget. No gjekk det engelsk selskapet konkurs, og selde det halvferdige anlegget billeg til den svenske staten. Etter endå nokre år kunne så malmen fraktast frå Malmberget til Luleå 1891.

I 1890 vart Luossavaara-Kirunavaara Aktiebolag, LKAB, stifta, med Robert Schough som styreleiar. LKAB si viktigaste oppgåve vart å framskunde jernbanebygginga frå Gällivare til isfri hamn i Noreg. Dette arbeidet møtte hard motstand. Rett nok hadde lova om eksportforbod av jernmalm vorte oppheva nokre tiår tidlegare, men motstandarane av prosjektet hevda under ein debatt i Riksdagen at ein slik jarnbane kunne opne landet for Russland. Avgjersla om bygging av jarnbana vart til slutt vedteken av Riksdagen og det norske Stortinget, men den svenske statsministeren Boström stilte kabinettspørsmål for å få tilstrekkeleg oppslutnad i den svenske riksdagen.

I 1897 var Hjalmar Lundbohm styreleiar i LKAB, og planane for det nye samfunnet kring gruvene kom for alvor i gang. Arkitekten Per-Olof Hallman fekk i oppdrag å skape ein byplan, ein nyskapande plan som vart underlagd både geografiske og klimatologiske kriterium. Byen vart lagt hovudsakleg til vestsida av det låge fjellet Haukivaara. LKAB kjøpte 500 hektar for gruvedrifta og 241 hektar for busetnaden. I tillegg vart det avsett 178 hektar til tomter som skulle seljast til privatpersonar. Den første bygningen var oppført 1890, på oppdrag av ein deleigar av LKAB. Bygningen fekk namnet B:1.

Den 15. oktober 1899 nådde Malmbanen fram til denne vesle byen, som enno vart kalla Lousavare, ei samling hus med 250 innbyggjarar. Staden hadde no jernbanesmaband med Atlanterhavet via Ofotbanen til hamna i Narvik og til Bottenviken via Luleå.[3] Nokre månader før Malmbanen nådde Lousavare vart det første barnet i «byen» fødd. Den vesle jenta blei seinare døypt Kiruna Söderberg. 27. november fekk byen endeleg offisielt det nye namnet «Kiruna».

1900-talet endre

Hjalmar Lundbohm ønska ikkje at Kiruna skulle utvikla seg til ein uregulert slumby, og byplanen til Per-Olof Hallman blei strengt følgd. Kiruna hadde tidleg elektrisitet og trafikk med elektrisk sporvognar med 1000 mm i sporvidd. LKAB dreiv sporvegen i Kiruna frå 1907 til 1958, og ein underjordisk gruvesporveg fram til 1961.

Dei eldste husa i Kiruna, på området kalla Ön ved utløpet til Luossajärvi, blei rivne og området avstengd på grunn av rasrisikoen til gruva. Mange tidlege trehus i sentrum blei også rivne for å erstattast av høgare betonghus på 1960-talet. Kvartalet Ortdrivaren, teikna av Ralph Erskine, blei eit symbol på denne ombygginga. Den tidlegare dominerande bygningen i sentrum, Centralskolan, blei også riven.

2000-talet endre

I 2000 feira Kiruna 100-årsjubileum. Etter ein lang debatt tok bystyret i Kiruna den 8. januar 2007 ei avgjerd om å flytta sentrum av byen i nordvestleg retning, til foten av fjellet Luossavaara ved sjøen Luossajärvi. Avgjerda innebar ei langsiktig flytting av mange bygningar i byen. Årsaka var rasrisikoen på grunn av gruveverksemda.[4]. 19. september 2011 tok Kirunas bystyre ei ny avgjerd, om at det nye sentrumet skulle leggjast aust for den noverande bykjerna, mellom Jägarskolan og Tuolluvaara-området.[5] Det blei utlyst ei arkitekttevling om utformninga av det nye sentrumet som blei avgjort i mars 2013.[6]

Sommaren 2014 byrja grunnarbeidet[7] og hausten 2015 byrja bygginga av det nye rådhuset til byen.

Administrativ tilhøyrsle endre

Kiruna låg opphavleg i Jukkasjärvi socken som ved kommunreformen i 1862 danna Jukkasjärvi landskommun. 23. desember 1908 blei Kiruna municipalsamhälle oppretta i denne landskommunen. I 1948 blei kommunen Kiruna stad skipa, som med sine 20 000 kvadratkilometer var verdas største by målt i flatevidd. I 1971 blei byen saman med Karesuando landskommun del av Kiruna kommune med Kiruna som administrasjonsstad.[8]

Juridisk var Kiruna del av Jukkasjärvi tingslag fram til 1948, deretter av Jukkasjärvi och Karesuando tingslag fram til 1971. Deretter høyrde byen til Gällivare domsaga.[9]

Folkesetnad endre

I 1900 budde det 222 menneske i Kiruna. Av desse var 65 prosent finsktalande, 24 prosent snakka samisk og 11 prosent svensk. I 2004 budde ca 27 prosent av folkesetnaden i byen i bydelen Lombolo, som ligg nede i dalen aust for Kiirunavaara.


Folketalsutviklinga i Kiruna 1900-2015[10][11][12][13][14][15][16][17]
År Innb. Areal
1960
  
19 355 873
1965
  
21 572 893
1970
  
23 279 1033
1975
  
25 410 1270
1980
  
24 446 1560
1990
  
20 466 1585
1995
  
20 299 1592
2000
  
19 148 1592
2005
  
18 154 1640
2010
  
18 148 1653
2015
  
17 037 903
Samanvaksen med Tuolluvaara i 1975, teken ut av Kiruna i 2015 som eigne tettstad att.

Geografi endre

Klima endre

Kiruna har eit subarktisk klima med mykje snø og kulde den eine halvparten av året. Takka vere høgda over havet, den tørre lufta og den klimatilpassede byplanen har Kiruna eit eit relativt mildt klima. Kiruna har tre veker polarnatt om vinteren og fem veker midnattsol om sommaren. Nedbør kjem som snø frå oktober til mai. Middeltemperaturen i januar er -14.5 °C og i juli 12 °C. Dagtemperaturar på 20-25 grader er ikkje uvanleg om sommaren. Nedbørsmengda er 488 mm per år.

Samferdsle endre

Kiruna flyplass har ordinær trafikk til Umeå, Luleå, Östersund, Stockholm og Tromsø. E10 går gjennom byen, og er einaste bilveg mellom byen og ut av kommunen. Malmbanen har to avgangar dagleg mot Narvik og Stockholm/Göteborg, dessutan ein avgang tur/retur Luleå. Både Malmbanen og E10 går langs avsperringane til sprekkesona frå gruvene, og er dei anlegga som er mest truga for ras. Desse er planlagt lagt om i samband med Kiruna byforvandling, og dette gjeld òg jernbanestasjonen. Eit av forslaga til omlegging er samlokalisering mellom flyplassen og jarnbana.

31. august 2013 stengde Trafikverket i Sverige den gamle jernbanestasjonen og ein tok i bruk ein mellombels stasjon, på folkemunne kalla Kumla, ca. 1,5 kilometer frå dagens sentrum.[18][19]

Næringsliv endre

Kiirunavaara i 1950.

Gruvedrift endre

Næringslivet i Kiruna er totalt dominert av gruvenæringa. I dag er berre gruva i Kiirunavaara i drift, og rasjonaliseringar har gjort at stadig færre folk trengst under jorda for gruvedrifta. Det finst ei rekkje entreprenørar for LKAB i byen.

Romforsking endre

Sidan 1940-talet har ein også drive romforsking i Kiruna.[20] Fem mil utanfor Kiruna ligg rakettbasen Esrange og ESA sin satellitdatamotakkingsstasjon Salmijärvi.

Vid romcampusen, som ligg ca. 6 km sør for Kiruna, blir det drive forsking på nordlys og annan romfysikk ved Institutet för rymdfysik ocgh Institutionen för system- och rymdteknik. Sistnemnde høyrer til Luleå tekniska universitet.

Turisme endre

Turistnæringa er også blitt viktig i Kiruna. Byen trekk til seg ein del turistar, ofte som base for friluftsturisme i fjella, Abisko nationalpark og Ishotellet i Jukkasjärvi.

Kultur endre

Arkitektur endre

Kiruna kyrkje

Den tidlegaste busetnaden i Kiruna, området som blir kalla Ön, er riven, og området er avsperra på grunn av rasfaren. Området med arbeidarbustader som vart tidleg oppført av LKAB finst i stor utstrekking og står i samanhengande område. Eit av desse, «Bolagsområdet», er det som er mest truga av gruveverksemda.

Rådhuset i byen vart teikna av Artur von Schmalensee, og vart i 1964 løna med Kasper Salin-prisen som den venaste bygningen i Sverige. Kiruna kyrkje vart teikna av Gustav Wickman og bygd av LKAB i 1907-1912. Ho er kåra til den venaste kyrkja i Sverige og som den venaste bygningen i Sverige oppført før 1950.

I sentrum av byen vart store delar av den tidlege busetnaden av trehus riven for å byggje betongblokker på 1960-talet. Det fremste symbolet for denne ombygginga har vorte kvartalet Ortdrivaren. Også Missionskyrkan er ein del av dette komplekset.

Det svenske Sametinget har hovudkontor i Kiruna (for Kansliet), og ein ny fast bygning er planlagd i den nye bykjerna.

Media endre

Aviser:

Venskapsbyar endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Landareal per tätort, folkmängd och invånare per kvadratkilometer. Vart femte år 1960 - 2016, Statistiska centralbyrån 
  2. Maria Lindgren (22. mai 2017), Historia, arkivert frå originalen 13. juni 2017, henta 29. juli 2017 
  3. Brunnström, Lasse: Kiruna - ett samhällsbygge i sekelskiftets Sverige: [Kiruna - a Swedish mining city from the turn of the century], Förf., [Umeå] 1980-1981, Norrländska städer och kulturmiljöer, 0348-2618 (swe). Libris 276751. 
  4. Dagens nyheter 8 januari 2007 - Klart med Kirunas flytt
  5. «Arkiverade kopian». Arkivert frå originalen 28. oktober 2011. Henta 18. oktober 2011.  Arkivert 2011-10-28 ved Wayback Machine.
  6. Nordmark, Marianne. «Arkitekttävling ny stadskärna». Kiruna kommun. Arkivert frå originalen 6 november 2013. Henta 6 november 2013.  Arkivert 2013-11-06 ved Wayback Machine.
  7. Oskar Ahlqvist (4. september 2014), «Första spadtaget för nya stadshuset», Norrbottens-Kuriren 
  8. Andersson, Per: Sveriges kommunindelning 1863–1993, Draking, Mjölby 1993 (swe). ISBN 91-87784-05-X. Libris 7766806. 
  9. Elsa Trolle Önnerfors: Domsagohistorik - Gällivare tingsrätt (del av Riksantikvarieämbetets Tings- och rådhusinventeringen 1996-2007)
  10. Folkräkningen 31 december 1900. Statistisk tidskrift 1903. häft: 129-130. Kungliga statistiska centralbyrån.
  11. Folkräkningen den 31 december 1950, I, Areal och folkmängd inom särskilda förvaltningsområden m.m., Tätorter, Statistiska centralbyrån, Stockholm 1952-05-19 (PDF), s. 238. Henta 2014-10-09. 
  12. Statistiska meddelanden Be 1967:21 Tätorternas areal och folkmängd 1960 och 1965, Statistiska centralbyrån, Stockholm 1967-09-22, s. 85. 
  13. Statistiska meddelanden Be 1972:11 Tätorternas areal och folkmängd 1965 och 1970, Statistiska centralbyrån, Stockholm 17 november 1972, s. 76. 
  14. Folk- och bostadsräkningen 1975, Del 2:4, Utveckling mellan 1970 och 1975. Tätorternas areal och folkmängd., Statistiska centralbyrån, Stockholm 1977 (PDF), s. 46. Henta 19 augusti 2015. 
  15. Folk- och bostadsräkningen 1980 Del 2:3, Tätorternas areal och folkmängd, utveckling mellan 1975 och 1980, Statistiska centralbyrån, Stockholm 1984-06-29 (PDF), s. 58. Henta 2015-01-15. 
  16. Tätorter 1990, Befolkning och areal i tätorter och glesbygd; Reviderade uppgifter, Statistiska centralbyrån, Stockholm 26 februari 1992 (PDF), s. 54. Henta 1 april 2016. 
  17. «Landareal per tätort, folkmängd och invånare per kvadratkilometer. Vart femte år 1960 - 2015». Statistiska centralbyrån. 25 oktober 2016. Henta 27 oktober 2016. 
  18. Wäppling, Magdalena. «Ny tillfällig järnvägsstation». Kiruna kommun. Henta 6. november 2013.  Arkivert 2013-11-05 ved Wayback Machine.
  19. SVT Nordnytt: Sista tåget har gått Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine. 30. august 2013, henta 10. oktober 2015
  20. Backman, Fredrick: Making Place for Space: a History of 'Space Town' Kiruna 1943-2000, 2015. ISBN 978-91-7601-244-4. Libris 17940935. 

Bakgrunnsstoff endre