Ansnes
Ansnes er ei bygd i Hitra kommune i Trøndelag. Bygda, som har vel 200 innbyggarar, ligg nordaust på øya Hitra. Til kommunesenteret Fillan i sør er det om lag åtte kilometer langs Fylkesveg 714. Hin vegen går fylkesvegen vidare frå Ansnes over nokre småøyar i Fillfjorden til Fjellværøya, dit det vart bygt veg i 1992.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. I. Bandet. 1948