Fillan
Fillan er ein tettstad og administrasjonssenteret i Hitra kommune i Trøndelag fylke. Staden har 1 283 innbyggjarar per 1. januar 2023. Fillan ligg ved Fillfjorden aust på øya Hitra.
Fillan | |||
tettstad | |||
Fillan sentrum
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Hitra | ||
Areal | 1,17 km² | ||
Folketal | 1 283 (2023) | ||
Folketettleik | 1 097 / km² | ||
Postnummer | 7240 HITRA | ||
Preposisjon | i Fillan | ||
Fillan 63°36′22″N 8°58′10″E / 63.606111111111°N 8.9694444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Fillan |
Frå 1886 var Fillan omfatta av Fillan kommune. Etter kommunesamanslåinga i 1964 vart det bygd nytt heradshus for Hitra kommune i Fillan. Ein valde å ikkje byggje heradshuset i det dåverande sentumet i Fillan, men i staden på eit ubebygd myrområde ved Riksveg 714. I åra etter vart det bygd ungdomsskule og samfunnshus i tilknyting til heradshuset. I 1977 vart Hitra videregående skole bygd på motsett side av vegen i forhald til ungdomsskulen. Frå 1980-åra er dette området etablert som det nye sentrumet i Fillan og det er bygd opp ulike servicetilbod. Attåt ymse butikkar finn ein her Hitrahallen, tannlækjar, brannstasjon og eit nytt helsetun som inneheld sjukeheim, lækjarkontor, terapibad og anna.
Fillan kyrkje frå 1789 er ei av dei eldste eksisterande kyrkjene på Hitra. I kommunesenteret finn ein også Kystmuseet i Sør-Trøndelag i dei tidlegare lokala til Hitra meieri.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Fillan» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2008.