Hitra kommune

kommune i Trøndelag fylke i Noreg
Denne artikkelen handlar om kommunen. For øya, sjå Hitra.

Hitra er ein øykommune ytst i Trondheimsfjorden i Trøndelag fylke. Hitra grensar til Frøya (eigen kommune sidan 1877) i nord. Mot aust ligg øyar som høyrer til kommunane Ørland og Orkland. Mot vest ligg øykommunen Smøla, som høyrer til Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. På fastlandet mot sør ligg Heim kommune i Trøndelag og Aure kommune i Møre og Romsdal. Sjølve øya Hitra er den sjuande største i Fastlands-Noreg og den største i Sør-Noreg.

Hitra kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Adm.senter Fillan
Areal 755,89 km²
 - land 715,69 km²
 - vatn 40,20 km²
Folketal 5 323  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Ole Haugen (Ap)
Kommunenr. 5056
Kart
Hitra kommune
63°32′50″N 8°51′17″E / 63.547222222222°N 8.8547222222222°E / 63.547222222222; 8.8547222222222
Wikimedia Commons: Hitra
Nettstad: www.hitra.kommune.no

Symbol endre

Kommunevåpen endre

Kommunevåpenet til Hitra blei vedtatt av kommunestyret i 1986 og 7. august året etter av Kongen i statsråd. Den heraldiske skildringa av våpenet er: I blått et sølv hjortehode. Motivet kom gjennom ei open idetevling. Det er teikna av Einar Skjervold etter en ide av Ketil Gylland.

Kommuneblome endre

 
Flekkmarihand

Flekkmarihand er ein vanleg blome på Hitra, og kommunestyret vedtok at han skulle vera kommuneblome i 1999. I 2021 blei blomen bekrefta som kommuneblome etter at kommunen blei utvida.[1]

Historie endre

 
Kommunegrensene som delte dei fire Hitra-kommunane fram til 31.12.1963.

Hitra formannskapsdistrikt omfatta ved opprettinga i 1837 også Frøya. Frøya blei utskild som eigen kommune med 3 949 innbyggjarar den 1. januar 1877, medan Hitra hadde 4 482 innbyggjarar.

Fillan med 2 241 innbyggjarar blei skild ut frå Hitra den 1. januar 1886. Sandstad blei seinare skild ut frå Fillan som eigen kommune 1. juli 1914 med 947 innbyggjarar. Kvenvær med 1 157 innbyggjarar blei skild ut frå Hitra kommune 1. januar 1913. Den gjenverande Hitra kommune hadde etter frådelinga 1 439 innbyggjarar.

Kommunesamanslåinga 1. januar 1964 slo saman dei tidlegare kommunane Hitra, Fillan, Sandstad og Kvenvær til den nye kommunen Hitra. Den nye storkommunen fekk eit innbyggjartal på 4 611. Den tidlegare kommunen Hitra hadde ved kommunesamanslåinga 984 innbyggjarar. Tettstaden Fillan blei vald som nytt kommunesenter der det blei bygd kommuneadministrasjon, barne-, ungdoms- og sentralskole og symjehall.

1. januar 2020 blei Sunde-området nord i Snillfjord kommune del av Hitra. Kommunen fekk dermed litt av arealet på fastlandet.[2]

Kjende personar frå Hitra endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Hitra-Frøya». Hitra. 16. november 2021. s. 4. 
  2. «Jeg ønsker alle innbyggere i nye Hitra kommune et godt nytt år!», Hitra kommune (på norsk bokmål), 28. desember 2019, arkivert frå originalen 14. januar 2020, henta 14. januar 2020 

Bakgrunnsstoff endre