António Costa

portugisisk politikar

António Luís Santos da Costa (fødd 17. juli 1961) er ein portugisisk jurist og politikar for Partido Socialista. I november 2015 vart han utnemnd til den 119. statsministeren i Portugal. Costa trekte seg som statsminister den 7. november 2023, etter at hans eigen stabssjef og fire andre statstenestemenn, vart pågripne etter mistanke om korrupsjon. Ei eiga sak vart oppretta mot Costa.[1][2][3]

António Costa

Fødd17. juli 1961 (63 år)
Lisboa
Statsborgar avPortugal
Yrkeadvokat, politikar
Utdanna vedUniversitetet i Lisboa
Universidade Católica Portuguesa
MorMaria Antónia Palla
MedlemRegjeringen Guterres I
Regjeringen Guterres II
Regjeringen Sócrates I
Regjeringen Costa I
Regjeringen Costa II
Regjeringen Costa III
Alle verv
  • Portugals statsminister (2015–2024) Sjå dette på Wikidata

Costa vart sitjande som leiar for eit forretningsministerium etter å ha levert inn ein søknad om få gå av. Presidenten i landet fremja forslag til nyval i Portugal den 10. mars 2024.[4]

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Bestefaren til Costa vart fødd i Goa i India, og faren hans budde store delar av livet sitt der.[5][6] Faren var ein ivrig sosialist. Costa er utdanna jurist.[7]

Politisk karriere

endre

Costa har vore minister i fleire portugisiske regjeringar, sist gong i regjeringa til José Sócrates.[8][9] Han var innanriksminister frå 2005 til 2007.[7] Han vart vald til leiaren for sosialistpartiet i november 2014 etter at den dåverande leiaren vart pågripen etter mistanke om korrupsjon.[10]

Ordførar

endre

Frå 2007 til 2015 var Costa ordførar i Lisboa, og vart i 2013 attvald til ein ny periode. Som ordførar i Lisboa tok han i 2010 til orde for ei eiga avgift for turistar; alle tilreisande skulle ifylgje planen betala éin euro ved framkomst og 1,90 euro for kvar natt i byen.[11] Etter valet i 2010 flytta han ordførarkontoret frå det storslåtte rådhuset til den fattige, innvandrardominerte bydelen Mouraria.[12] I april 2015 gjekk Costa av som ordførar for å arbeida med det komande valet og ambisjonen om å verta statsminister.[13]

Statsminister

endre

I 2015 vart Costa statsminister etter at alliansen hans med miljøpartiet og ytre venstreparti felte den konservative regjeringa til Pedro Passos Coelho berre 11 dagar etter parlamentsvalet.[14] Alliansen til Costa ville stansa dei stramme budsjetta og privatiseringa av den offentlege verksemda etter statsgjeldskrisa frå 2010.[15][16] Costa klandra den avgådde regjeringa for å vanskjøtta offentlege tenester og for å tvinga portugisarar til å søkja arbeid utanlands.[17]

Kjelder

endre
  1. Rößler, Hans-Christian; Madrid (7. november 2023). «Portugiesischer Ministerpräsident Costa tritt zurück». FAZ.NET (på tysk). ISSN 0174-4909. 
  2. «Portuguese PM António Costa resigns amid corruption probe», POLITICO (på engelsk), 7. november 2023, henta 12. februar 2024 
  3. «Portuguese Still in the Dark About Scandal That Felled Costa». Bloomberg.com (på engelsk). 2. desember 2023. 
  4. Rößler, Hans-Christian (9. november 2023). «Portugal: Präsident kündigt vorgezogene Neuwahlen für März 2024 an». FAZ.NET (på tysk). ISSN 0174-4909. 
  5. «Indian-origin politician Antonio Costa in race to become Portugal Prime Minister». The Economic Times. 30. september 2014. 
  6. «‘Proud of my roots in Goa’: Portugal PM Antonio Costa’s Q&A with HT», Hindustan Times (på engelsk), 6. januar 2017, henta 12. februar 2024 
  7. 7,0 7,1 Kowsmann, Patricia; Moffett, Matt (24. november 2015). «Socialist Leader António Costa Is Named as Portugal’s Prime Minister». Wall Street Journal (på engelsk). ISSN 0099-9660. 
  8. Portugal, Grand Union. «António Costa». www.portugal.gov.pt. Henta 25. februar 2016. 
  9. «António COSTA». www.europarl.europa.eu. Henta 25. februar 2016. 
  10. «Portuguese ex-PM to remain in jail» (på engelsk). 25. november 2014. 
  11. Govan, Fiona (30. september 2010). «Tourists to be taxed for trip to Lisbon». The Telegraph (på engelsk). ISSN 0307-1235. «The mayor of the Portuguese capital has proposed that all foreign visitors to the city pay a one euro (86 pence) tax when arriving by plane, boat or train. In addition hotel guests will be told to pay an extra €1.90 euros (£1.65) for every night they spend in the capital while those choosing to stay in cheaper hostel accommodation would be charged a lesser rate of 20 cents (17p) a night.» 
  12. Onwurah, Chi (5. august 2013). «Lessons from Portugal: Social enterprises and economic regeneration». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. «After the mayoral elections in 2010 Costa moved the mayoral office from its former, palatial, City Hall to a site in Mouraria, a run-down and neglected neighbourhood plagued by unemployment and drug dealing.» 
  13. «Lisbon Socialist mayor steps down to campaign for Portugal PM». Reuters (på engelsk). 1. april 2015. «LISBON (Reuters) - The popular Socialist mayor of Lisbon stepped down on Wednesday to focus on his quest for the premiership in an autumn general election likely to be a vote of confidence on the center-right government’s austerity policies.» 
  14. France-Presse, Agence (25. november 2015). «Portugal gets Antonio Costa as new PM after election winner only lasted 11 days». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  15. «Portugal gets Antonio Costa as new PM after election winner only lasted 11 days». The Guardian (på engelsk). 25. november 2015. ISSN 0261-3077. «His appointment comes after Costa’s alliance with Communist, Green and Left Bloc parties toppled an 11-day-old conservative minority government in a dramatic parliamentary vote – the shortest administration in Portuguese history. Portugal’s political saga is being closely watched in Brussels as the country recovers from a €78bn bailout in 2011, with Costa seeking to allay fears over his vow to “turn the page on austerity”.» 
  16. Tariq, Syma (11. november 2015). «Portugal senses a chance for change after pro-austerity government is ousted». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. «The feeling of resignation following the president’s rebuttal, however, has now turned to hope. The new Socialist-led alliance, the first of its kind since Portugal transitioned to democracy in 1974, promises an end to sweeping cuts and privatisation in a country that has one of the highest levels of income inequality in the EU, and where one in five people live below the poverty line. Proposals such as keeping water a state asset, stopping public transport sell-offs and increasing the minimum wage – currently the lowest in western Europe – have been greeted with jubilation by many.» 
  17. Minder, Raphael (26. november 2015). «Portugal’s New Premier Takes Office, Facing Financial Balancing Act». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: António Costa