Den bulgarske antarktiske stadnamnkommisjonen

Den antarktiske stadnamnkommisjonen vart oppretta av Det bulgarske Antarktisinstituttet i 1994, og har sidan 2001 vore ein del av utanriksdepartementet i Bulgaria. Kommisjonen godkjenner bulgarske stadnamn i Antarktis, som formelt vert gjeve av den bulgarske president i høve den bulgarske grunnlova og den etablerte internasjonale praksisen.

Feltarbeid for kommisjonen.
Kart over Livingston Island og Greenwich Island offentleggjort av kommisjonen

Geografiske namn i Antarktis reflekterer historia til utforskinga av kontinentet. Det er kring 19 500 stadnamn i Antarktis i 2015, og 1 253 av dei er gjevne av Bulgaria.

Kommisjonen offentleggjorde dei første bulgarske topografiske karta over Livingston Island og Greenwich Island i 2005, og Robert Island, Snow Island og Smith Island i 2008. Alle desse øyane ligg i øygruppa Sør-Shetlandsøyane, der Bulgaria har forskingsstasjonen St. Kliment Ohridski på Livingston Island.

Sjå ògEndra

KartEndra

BakgrunnsstoffEndra