Kvalmestillande lækjemiddel

(Omdirigert frå Antiemetika)

Det finst fleire ulike kvalmestillande lækjemiddel, eller antiemetika, som verkar på ulik måte, og vert brukte i ulike samanhengar.

Reisesjuke endre

Histamin-motverkande lækjemiddel vert ofte brukt mot reisesjuke, som til dømes prometazin og meklozin. Andre føretrekk å nytta eit skopolamin-plaster.

Kvalme i kreftbehandling endre

5-HT3-antagonistar eller 5-hydroksytryptaminantagonistar som ondansetron og tropisetron er dyre medisiner som ein for det meste nyttar hjå kreftpasientar med kvalme på grunn av behandlinga. Eit anna lækjemiddel som vert brukt i sterk kvalme grunna til dømes cisplatinbehandling er aprepitant. Utanfor Noreg har cannabinoid-preparat som til dømes nabilon vorte brukt, men har fleire uønskte bieffektar enn mange andre lækjemiddel.

Andre kvalmestillande endre

Fentiaziner som klorpromazin og proklorperazin er i tillegg til å vera antipsykotiske lækjemiddel gode kvalmestillande, medan metoklopramid er eit lækjemiddel som vert ofte nytta ved magesjukdommar.

Glukokortikoid og benzodiazepin kan òg hjelpa mot kvalme i enkelte tilfelle.