Metoklopramid
kjemisk sambinding
CAS-nummer 364-62-5 |
ATC-nummer A03F A01 |
Metabolisme | |
Halveringstid | 2-6 timer |
Utskiljing | Renal |
Administrasjonsform | IV, SC |
Metoklopramid er eit lækjemiddel med kvalmestillande verknad. Metoklopramid verkar både sentralt, det har ein verknad på sentralnervesystemet, og perifert, i sjølve mage- og tarmsystemet.
Sentralt verkar metoklopramid som ein hemmar på eit stoff i hjernen, dopamin. Ei slik hemming i kjemo-triggersona stilnar kjensla av kvalme.
Periferalt aukar metoklopramid peristaltikken på mage og tarm, det vil seia auka muskelaktivitet og fremjing av tømminga av magesekken og tynntarmen. Denne verknaden skjer pga. agonistisk verknad på 5-HT4 reseptoren.
Metoklopramid kan administrerast i tablettform, som stikkpille, som drikk, eller som intravenøs injeksjon.
Handelsnamn i Noreg
endreBakgrunnsstoff
endre- Preparatomtaler Arkivert 2007-11-10 ved Wayback Machine. - Statens lækjemiddelverk
- Felleskatalogen - Felleskatalog over farmasøytiske spesialpreparat marknadsført i Noreg