Ei antireflekshinne er eit tynt belegg som vert lagt på optiske linser for å minske lysrefleksjonen. Brytingsindeksen for belegett må vere mindre enn for sjølve linsa, og tjukkleiken må vere avpassa for det spektralområdet av lys som gjev sjenerande refleks, som vanlegvis er gult lys. Det mest nytta materialet for antireflekshinne er magnesiumfluorid, som vert lagt på linsa ved pådamping.

Linser med (nedst) og utan (øvst) antireflekshinne. Merk den farga refleksjonen frå linsa med antireflekshinne.

Kjelder endre