Anton
Anton er eit mannsnamn avleia av det latinske slektsnamnet Antonius. Tydinga av dette gamle etruskiske namnet er uviss. Anton har namnedag den 17. januar i Noreg.
Namnet har vore bruka i mange former i Noreg, mellom dei Ant(h)oni, Antonius og Antons. Utanlandske former som òg har vore bruka i Noreg er Antonio (spansk) og Anthony (engelsk) med forkortinga Tony.
For hokjønnsformer, sjå Antonia.
Bruken av namnet i Noreg
endreI folketeljinga i 1801 vart om lag 150 manntalsførte med namnet Ant(h)on, om lag like mange med diverse variantar av namnet Ant(h)on(i)(u)(s)
I folketeljinga i 1900 vart om lag 19 100 manntalsførte med namnet Ant(h)on, om lag 700 med diverse variantar av namnet Ant(h)on(i)(u)(s)
I 2007 var det ca 1560 personar med dette namnet. Av namnevariantane var Anthony den mest brukte med 319.
Kjende personer med namnet
endre- Marcus Antonius (ca. 83 f.Kr.–30 f.Kr.), romersk general og politikar, alliert av Julius Caesar, seinare fiende av sonen Augustus
- Anton Tsjekhov (1860-1904), russisk forfattar
- Anton Bruckner (1824-1896), austerriksk komponist
- Anton Hansen Tammsaare (1878-1940), estisk forfattar
- Anton Aure (1884-1924), norsk målmann
- Olav Anton Thommessen (f. 1946), norsk komponist
Oppdikta personar
endreSjå òg:
endreKjelder
endre- Olav Veka: Namneboka (1991), Det Norske Samlaget
- «Anthony» ved behindthename.com
- Søk etter norsk namnestatistikk for Anton hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet