Olav Veka (fødd 6. juni 1942) er ein norsk namnegranskar og tidlegare lektor ved Ringsaker vidaregåande skole.

Olav Veka
Fødd6. juni 1942
NasjonalitetNoreg
Yrkespråkforskar

Veka kjem opphavleg frå Sand i Ryfylke. Olav Veka har gjeve ut bøker om personnamn, både fornamn (Namneboka 1991) og etternamn (Norsk etternamnleksikon 2000). Han har vore medforfattar i ei rad norskfaglege lærebøker og ordlister sidan 1984, mellom anna norskverket Bruer for studieretning for allmenne fag, Nynorskboka for nynorsk som sidemål og Nynorskordliste for vidaregåande skole. Han har vore lektor i den vidaregåande skolen sidan 1973.

Veka var medlem av fagnemnda for nynorsk i Norsk språkråd 2001-2005. Sidan 2006 har han òg vore leiar i Norsk namnelag.

KjelderEndra