Anton Dahl

norsk politikar

Anton Leier Dahl (fødd 1. oktober 1949) er ein norsk lokalpolitikar for Venstre busett i Kautokeino, og er ein internasjonal skihoppdommar. Han var ordførar i Kautokeino mellom 1993 og 1999,[1] og har òg vore varaordførar i kommunen. Faren hans, Arvid Dahl, var òg ordførar i Kautokeino.

Anton Dahl
Fødd1. oktober 1949 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
FarArvid Dahl
Alle verv
  • ordførar i Kautokeino (1994–1999) Sjå dette på Wikidata

Bakgrunn

endre

Anton Dahl er dommar i verdscupen i skihopping, og var leiar i Noregs Skidommerlaug mellom 2004 og 2006. Tidlegare har han òg vore lærar.[2] Dahl var frå 2005 til 2009 tredje vararepresentant for Finnmark på Stortinget.[3]

Kjelder

endre
  1. «Anton Leier Dahl», Venstre (på norsk bokmål), henta 11. november 2022 
  2. Aslaksen, Eilif Andreas (17. juni 2009), «Anton Dahl», NRK (på norsk bokmål), henta 11. november 2022 
  3. «Biografi: Dahl, Anton Leier», Stortinget, 23. september 2022, henta 11. november 2022 

Bakgrunnsstoff

endre