Opna hovudmenyen

Anton Julius Mosbæk (4. juni 18868. november 1956) var ein skogsarbeidar, gardbrukar og politikar frå Aremark. Han var ordførar i Øymark herad frå 1926 til 1931, og representerte Østfold og ArbeidarpartietStortinget frå 1937 til 1945.

Mosbæk var son til ein husmann innved svenskegrensa i Aremark. I yngre år var han gjetar og seinare gardsgut. Han livnærte seg òg som hotellgut, vognmannshjelpar og sporvegskonduktør. Sidan veksla han mellom å vere skogsarbeidar vintrane og tømmerfløytar somrane, han arbeidde såleis i Haldenvassdraget i om lag 20 år. Ein sommar var han med å bygge tømmertunnelen ved Vamma. I 1928 slo han seg ned som småbrukar på øydegarden Gråbøl i Øymark.

Mosbæk var med i Øymark heradsstyre frå 1923 til 1937, dei to valbolkane 1926-28 og 1929-31 som ordførar. Hausten 1936 vart han vald til stortingsmann frå Østfold, som ein av tre Arbeidarparti-karar frå Østfold. Han var medlem av Kyrkjekomiteen.

KjelderEndra