Antoni Gaudí

spansk arkitekt

Antoni Gaudí i Cornet (25. juni 185210. juni 1926) var ein katalansk arkitekt.

Antoni Gaudí

Statsborgarskap Spania
Fødd 25. juni 1852
Reus, Riudoms, Mas de la Calderera
Død

10. juni 1926 (73 år)
Barcelona

Yrke arkitekt, designar, teknisk tegner
Språk katalansk, spansk
Medlem av Centre Excursionista de Catalunya
Religion romersk-katolsk
Ektefelle ingen verdi
Antoni Gaudí på Commons
Den uferdige katedralen Sagrada Família (Den heilage familien), teikna av Antoni Gaudí

Antoni Gaudí var fødd i den katalanske byen Reus som son av ein koparsmed. Han tok utdanning ved Arkitekthøgskulen i Barcelona (Escola Superior de Arquitectura) frå 1873 til 1877.

I løpet av karrieren sin teikna han og fekk oppført ei rekkje særprega byggverk og eit parkanlegg. Om lag halvparten av bygningane er i Barcelona. Fleire av dei er på UNESCO si verdsarvliste, blant dei kyrkja Sagrada Familia, som var ufullført då han døydde og blei verande slik i mange år.

Byggverka til Gaudí er kjenneteikna av tankane han om naturlege former, der rette linjer sjeldan finst. Han vart tidleg påverka av jugendstil eller art nouveau, i Spania kalla modernismo. Denne stilretninga kom særleg til uttrykk i møblane han teikna for kundane sine. Ei anna inspirasjonskjelde var tradisjonelt katalansk handverk, særleg i smijern og murverk. Han var òg begeistra for mosaikktradisjonen i middelhavslanda, og nytta ofte teknikken som kledning på fasadar og innvendige veggea. Benkane i Parc Güell viser den frie og eksperimentelle bruken hans av denne teknikken. Dei dobbeltkrumme flatene til benkane er kledd med mosaikk av brotstykke av fargerike glaserte keramikkfliser og potteskår frå knuste tallerkenar og kar. På taka over leigegarden Casa Milà har luftekanaler og skorsteinar gjerne plante- og blomsterliknende formar, eller formar som føregrip kubismen. Formspråket i leigegardane frå åra etter 1900 tilhøyrer elles områdande art nouveau-stilen.

Konstruktivt arbeidde Gaudí mykje med mura kvelv og bogar. For å unngå strekkpåkjenninger konstruerte han boger med same form som kjedelinja, korga som ein fritthengjande kjetting eller kabel dannar. Gaudí laga modellar til mange konstruksjonar ved hjelp av snorer og lodd, som han så snudde opp ned for å finna den optimale forma som berre skulle ta opp trykkrefter. Taka over Casa Milà og Casa Batlló blir haldne oppe av tettstilte bogar som følgjer slike kjedelinjer. I kyrkja Sagrada Familia følgjer dei kvelvberande søylene skråstilte korger som held vidare fram i kvelvribbene og til saman dannar kjedelinjer. Søylene og ribbene er til dels forma som strå eller plantestilkar, og som i naturen forgrener dei seg ofte.

Gaudí ville helst stå for alle detaljar i sine eigne byggverk, heilt ned til dekorative detaljar, sanitærutstyr og møblar. Han fekk difor ei avgrensa mengd klientar, men mangla ikkje oppdrag, sidan fleire av dei var særs velståande og ville ha han til å teikna fleire byggverk for seg. Han var heile livet ein djupt religiøs mann, som vende seg mot ein asketisk livsførsel. Den siste perioden av livet vigde han seg heilt til bygginga av kyrkja Sagrada Familia, som enno var langt frå halvferdig då han døydde.

Gaudí døydde 74 år gammal, etter å ha blitt påkjørt av ei sporvogn. Han hadde då trekt seg helt tilbake frå det offentlege og var så fattigsleg kledd at ingen kjende han igjen. Liket hans vart til slutt funne på eit sjukehus for fattige. Ved gravlegginga følgde store delar av folkesetnaden i Barcelona den populære arkitekten til grava.

Byggverk (utval) endre

  • Casa Batlló i Barcelona, 1905–1907
  • Casa Milà i Barcelona, 1905–1910
  • Parc Güell i Barcelona,1900–1914
  • Colonia Güell utanfor Barcelona, 1898, 1908–1915
  • Sagrada Família (Den heilage familien) i Barcelona, 1882–1926 – er enno (2016) under arbeid
  • Casa Botines i León, 1891–1892
  • Palacio Episcopal i Astorga, 1889–1893
  • Palau Güell i Barcelona, 1885–1889

Kjelder endre