Kabel
Kabel er ein bunt med elektriske leiarar som vert nytta for å overføra elektrisk energi eller for overføring av informasjon i form av elektriske signal. Signalkabel kan nytta elektriske eller optiske leiarar, eller ein kombinasjon.
- For kabel i meininga ståltau, sjå Ståltau.
Nemninga kabel vert òg nytta om tau tvinna av ståltrådar, som til dømes slik kablar, ståltau, som held oppe hengjebruer, som vert nytta til å drege vognene på kabelbaner, vert nytta i heisekraner og mykje meir. Slike kablar vert elles kalla vaierar (frå engelsk: wire).
GeometriEndra
Elektriske kablar kan ha svært ulik utforming, avhengig av bandbreidd, effektnivå, standardar, bruksområde og så vidare. Nokre vanlege geometriar:
- Parkabel
- Tvinna parkabel
- Flatkabel (fleirleiarkabel)
- Koaksialkabel
IsolasjonsmaterialeEndra
Isolasjonsmaterialet i ein kabel er med på å bestemma parametre som induktans og kapasitans og difor òg fasehastigheit og bandbreidd.