Antony Beevor
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Antony Beevor[a] (14. desember 1946–) er ein britisk forfattar og historikar. Han er utdanna ved Winchester College og Sandhurst og har tenestegjord som offiser i den britiske hæren i Storbritannia og Tyskland i åra 1967–1970.
Antony Beevor | |
![]() | |
Fødd | 14. desember 1946 (74 år) Kensington |
Yrke | militærhistoriker, romanforfattar, historikar, faglitterær forfattar, forfattar, skribent |
Far | John Grosvenor Beevor |
Mor | Kinta Beevor |
Ektefelle | Artemis Cooper |
Born | Eleanor Beevor, Adam Beevor |
Antony Beevor på Commons |
Som forfattar av historiske verk vert Beevors bøker kjenneteikna av utstrakt bruk av kjelder og hans omfattande tilgjenge til arkivmaterial. Samstundes er hans forteljarteknikk slik at lesaren òg følgjer individuelle skjebnar og opplevingar. Hans omfattande dokumentasjon av dei sovjetiske overgrepa både i Stalingrad, men særleg i Tyskland, medførte kritikk frå Russland.
Bevoors bøker er omsett til 30 språk og selt i 6 millionar eksemplar.[1]
Nyårssaftan 2016 vart Beevor utnemnd til Knight Bachelor.[2] Han vart dermed opphøgd i riddarstanden og fekk rett til å føra tiltaleformen sir føre sit namn.
Beevor vart i 1997 gjort til riddar av den franske Ordren des Art si eit des Lettres. I 2008 vart han tildelt den estiske Terra Mariana-ordenen, og i 2016 vart han kommandør av den belgiske Kroneordenen.[3]
Bibliografi - historiske verkarEndra
- The Spanish Civil War, 1982
- Inside The British Army, 1990
- Crete – The Battle and the Resistance, 1991
- Paris after the Liberation 1944-1949, 1994, skrevet med ektefellen Artemis Cooper, norsk utgåve Paris – Etter frigjeringa 1944-1949, 2005
- Stalingrad, 1998, Norsk utgåve 2002
- Berlin – The Downfall 1945, 2002,[4] norsk utgåve Berlin – nederlaget 1945 ISBN 82-04-09992-4 2003
- The Mystery of Olga Chekhova, 2004, norsk utgåve 2004
- The Battle for Spain: The Spanish Civil War 1936-39, 2006, norsk utgåve 2006
- D-Day: The Battle for Normandy, 2009, norsk utgåve 2009
- The Second World War, 2012, norsk utgåve 2012
- Ardennene 1944 Hitlers siste sjansespel norsk utgåve 2015 ISBN 9788202482282
Bibliografi - romanarEndra
- Violent Brink, 1975
- The Faustian Pact, 1983
- For Reasons of State, 1980
- The enchantment of Christina von Retzen, 1989
PrisarEndra
- 1999 – Hawthornden Prize og Samuel Johnson Prize for Non-Fiction for Stalingrad
MerknadarEndra
- ↑ Beevor blir uttalt bi:vʌ
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Antony Beevor» frå Wikipedia på bokmål, den 4. oktober 2018.
ReferansarEndra
- ↑ Aftenposten Historie nr. 11 2015
- ↑ The London Gazette
- ↑ antonybeevor.com
- ↑ http://www.age-of-the-sage.org/history/historian/Antony_Beevor.html