Antti Rinne
Antti Juhani Rinne (fødd 3. november 1962 i Helsingfors) er ein finsk advokat og politikar som var statsminister i Finland frå 6. juni til 10. desember 2019.
Antti Rinne | |||
| |||
Fødd | 3. november 1962 (62 år) Helsingfors | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Finland | ||
Parti | Finlands sosialdemokratiske parti | ||
Yrke | politikar, advokat, fagforeiningsleiar | ||
Utdanna ved | Helsingfors universitet | ||
Far | Juhani Rinne | ||
Ektefelle | Heta Ravolainen | ||
Verv | Finansminister 6. juni 2014-29. mai 2015 | ||
Etterfylgjar | Alexander Stubb | ||
Verv | Leiar for Finlands sosialdemokratiske parti 2014– | ||
Føregangar | Jutta Urpilainen | ||
Alle verv |
|
Frå 2002 til 2014 var Rinne leiar for tre ulike fagforeiningar. Der etter var han partileiar for Finlands sosialdemokratiske parti frå 9. mai 2014, då landsmøtet gav han 257 røyster mot sitjande leiar Jutta Urpilainen sine 243.[1] 6. juni same året tok han over som finansminister og visestatsminister, og sat fram til regjeringsskiftet den 29. mai 2015.
Etter riksdagsvalet i april 2019 danna fem parti; Socialdemokraterna, Centern, De gröna, Vänsterförbundet og Svenska folkpartiet den 6. juni ei koalisjonsregjering med Antti Rinne som statsminister. I november same året vart «kommun- och ägärstyrningsministeren» Sirpa Paatero tvinga til å gå av etter ein streik i postvesenet. Framhaldande kritikk mot statsminister Rinne gjorde at han gjekk av og partikollegaen Sanna Marin tok over som leiar av regjeringa den 10. desember.
Referansar
endre- ↑ Cynthia Kroet (5. juni 2014): Finland gets new finance minister. Politico
- Denne artikkelen bygger på «Antti Rinne» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2019.