Sanna Marin

Sanna Mirella Marin (fødd 16. november 1985) er ein finsk politikar frå Birkala som frå 10. desember 2019 er statsminister i Finland.

Sanna Marin

Marin er utdanna i offentleg forvaltning ved universitet i Tampere. Ho var ordførar 2013-17 i Tampere kommune. Sidan 2014 har hatt plass i leiinga av det sosialdemokratiske partiet. Marin har vore riksdagsmedlem frå 2015, vald frå Birkaland. Perioden 6. juni-10. desember 2019 var ho trafikk- og kommunikasjonsminister i Rinne-regjeringa. Då Rinne trekte seg frå statsminister-embetet, tok Marin den 10. desember over som regjeringssjef for koalisjonsregjeringa beståande av Socialdemokraterna, Centern, De gröna, Vänsterförbundet og Svenska folkpartiet.

KjelderEndra