Apeks i astronomi
Apeks i astronomi kan syne til rørsla til jorda i forhold til sola, eller rørsla til sola gjennom Mjølkevegen.
Apeksen til jorda er det punktet på himmelen som rørsla til jorda i forhold til sola i ein gjeven augneblink er retta mot. Han ligg i ekliptikken, kring 90° vest for sola.
Apeksen til solsystemet er på liknande vis det punktet på himmelen (nær stjerna ξ Herculis, sørvest for stjerna Vega) som sola, sett i forhold til dei klåraste stjernene, flyttar seg mot med ein snøggleik på 16,5-19,5 km/s. Det diametralt motsette punktet vert kalla solsystemet sitt antiapeks.
Kjelder
endre- Apeks: solsystemets apeks. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015.
- Apeks: jordens apeks. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015.