Apertursyntese er ein teknikk innanfor radioastronomien. Ein koplar saman mange små radioteleskop og byggjer opp (syntetiserer) det same biletet av ei kosmisk radiokjelde som ein ville fått med eit enormt radioteleskop, det vil sei eit bilete med høg oppløysing. Det same prinsippet vert nytta til å avbilde planetoverflater frå radarsatellittar med antenner med oppløysing avgjort av kor mange kilometer ho forflyttar seg i måleperioden (det vil sei ikkje av lengda til antenna)

Dei fleste apertursyntese-interferometera nytta jordrotasjonen til å auke talet på basislinjeorienteringar i ein observasjon. I dette dømet der jorda er den grå kula, endrar basislinja mellom teleskop A og teleskop B vinkel med tida sett frå radiokjelda, etter kvart som jorda roterer.

Apertursynteseavbilding vart først utvikla for radiobølgjer av Martin Ryle og medarbeidarane hans ved Radio Astronomy Group ved Cambridge University. Martin Ryle og Tony Hewish fekk i lag Nobelprisen i fysikk for dette.

Kjelder endre