Opna hovudmenyen

Radioastronomi er ein del av astronomien som omfattar studiet av radiobølgjer frå verdsrommet og undersøkinga av himmellekamar ved hjelp av radar.

Det vart først oppdaga radiobølgjer frå ein himmellekam i 1930-åra, då Karl Jansky observerte stråling frå Mjølkevegen. Seinare observasjonar har identifisert mange kjelder til radiostråling, mellom anna stjerner og galaksar, i tillegg til heilt nye klassar av lekamar, som radiogalaksar, kvasarar, pulsarar og maserar. Oppdaginga av kosmisk bakgrunnsstråling vert rekna som bevis for Big Bang-teorien, og vart gjort gjennom radioastronomi.

Radioastronomi vert utført med radioantenner kalla radioteleskop, som anten er nytta aleine, eller knytte saman med teknikkar som radio-interferometri og apertursyntese. Interferometri gjer at ein får høg vinkeloppløysing, sidan oppløysinga til eit interferometer vert avgjort av avstanden mellom komponentane og ikkje storleiken til komponentane.

KjelderEndra