Apfelbreen er ein isbre som er kring 9 km brei og 35 km lang, og som flyt vest-nordvest langs sørsida av Bunger Hills og endar i Edisto istunge. Han vart kartlagd frå flyfoto tekne av U.S. Navy Operation Highjump, 1946–47, og namngjeven av Advisory Committee on Antarctic Names etter Earl T. Apfel, ein geologiprofessor ved Syracuse University, som var geolog under U.S. Navy Operation Windmill i 1947–48, og som var med på å opprette astronomiske kontrollstasjonar langs Queen Mary, Knox og Budd Coast.[1]

Apfelbreen
isbre
Land  Antarktis
Stad Queen Mary Land
 - koordinatar 66°25′S 100°35′E / 66.417°S 100.583°E / -66.417; 100.583
Lengd 35 km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Apfelbreen
66°25′00″S 100°34′59″E / 66.4167°S 100.583°E / -66.4167; 100.583
Apfelbreen is located in Antarktis
Apfelbreen (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Apfel Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. mai 2011. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Apfel Glacierid=520» (innhald frå Geographic Names Information System).