Apikal konsonant
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Apikal dominans.
Ein apikal språklyd blir uttala med innsnevring mellom apex (tungespissen) og munntaket. Eit døme er såkalla «tungespiss-r» i dei norske dialektane som ikkje har skarring. I mange vestnorske dialektar er konsonantane i ordet student apikale: [s̺t̺ʉ¹d̺ɛn̺t̺]. [ ̺] er det diakritiske teiknet for apikal.