Vestnorsk
Vestnorsk er ei av dei to store dialektgruppene i Noreg. Ho har to undergrupper, vestlandsk og nordnorsk. Den andre store dialektgruppa, austnorsk, deler vi i austlandsk og trøndsk. Vestnorsk finn vi i fylka Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder, Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Nordland, Troms og Finnmark. Til saman talar kring 1,9 millionar menneske ulike variantar av vestnorsk.
Korleis ein skal dele inn dialektane i dialektgrupper, er likevel språkforskarane usamde om. Til dømes deler nokre dei norske dialektane i to hovudgrupper:
- Vestnorsk: Dialektane på Sørlandet, Vestlandet opp til Romsdal og Nord-Noreg.
- Austnorsk: Dialektane på Austlandet, i Trøndelag og på Nordmøre.
Denne inndelinga er basert på at austnorske dialektar har såkalla kløyvd infinitiv (nokre infinitivar endar på -e, andre på -a), medan dei andre dialektane derimot har infinitivar som alltid har den same endinga, -e, -a, eller inga ending.
- Nordnorske dialektar har stort sett -a som bunden artikkel i eintal av sterke og svake hokjønnsord, men -o/å førekjem også i svake hokjønnsord på Helgeland og i Salten. Ulike variantar av 'e(g)' er brukt i begge desse områda. Dialektane strekkjer blir tala over heile Nord-Noreg (utan Bindal). Av desse kan ein nemne:
- Nordvestlandske dialektar har e-infinitiv, og strekkjer seg frå det midtre Sogn og Fjordane til Romsdal. Av desse kan ein nemne:
- Sørvestlandske dialektar har a-infinitiv, og strekkjer seg frå indre Sogn og Fjordane, gjennom Hordaland og Rogaland og til delar av Vest-Agder. Av desse kan ein nemne:
- Bergensk, haugesundsk, stavangersk: dette er bymål og dei har sterke forenklingar, noko som er typisk for alle bydialektar, men dei stammar opphavleg frå dialektane i nærområdet, og har mykje til felles med dei.
- Jærsk
- Strilamål