Apollo et Hyacinthus

Apollo et Hyacinthus er ein opera, K. 38, skriven i 1767 av Wolfgang Amadeus Mozart, som var 11 år på den tida. Det var den første verkelege operaen til Mozart (om ein reknar Die Schuldigkeit des ersten Gebotes som eit kyrkjeleg drama). Han er i tre akter og som namnet indikerer er ha basert på gresk mytologi som fortalt av den romerske diktaren Ovid i meisterverket sitt Metamorfosar. Rufinus Widl skreiv librettoenlatin.

Apollo et Hyacinthus
K. 38
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart
SjangerOpera
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1767
Urframføring13. mai 1767
Typisk lengd84:31
Satsar/akter10
Libretto avRufinus Widl

Operaen vart først framført den 13. mai 1767 i Den store hallen i Salzburg universitet.[1] Myta følgjer Hyacinthus som døyr då han vart treft i hovudet av ein diskos kasta av Apollo.

Librettisten Rufinus Widl, ein prest, endra historia til Ovid (der Apollo, Zephyrus og Hyacinthus heilt tydeleg har eit homoseksuelt trekantforhold) for å tilpasse det den sosiale standarden på denne tida og flytta det seksuelle begjæret frå Ovid sin Hyacinth til systera Melia.

Roller

endre
Rolle Stemme Premierebesetning
13 mai 1767
Oebalus, Kongen av Lacedaemonia tenor Mathias Stadler
Melia, dottera til Oebalus gutesopran Felix Fuchs
Hyacinthus, sonen til Oebalus gutesopran Christian Enzinger
Apollo gutealt Johann Ernst
Zephyrus, ven av Hyacinthus gutealt Joseph Vonterthon
Første prest av Apollo bass Joseph Bründl
Andre prest av Apollo bass Jakob Moser

Kjelder

endre
  1. «History of the opera». opera.stanford.edu. Henta 1. mars 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre