Apostelen Simon
Simon eller Simon Kananeus, død omkring 107, var ein av læresveinane til Jesus og ein av dei dei første tolv apostlane. Helgendagen hans vert feira 28. oktober i vestleg kristendom, mens orientalske og ortodokse kyrkjer feirar han 10. mai .
Apostelen Simon | |
![]() | |
Fødd | 1. hundreåret |
---|---|
Fødestad | Kana i Galilea |
Daud | 107 |
Dødsstad | Pella |
Yrke | misjonær |
Helgendag | 10. mai, 28. oktober |
Simon er kalla Simon Kananeus i Matteusevangeliet 10,4[1] og i Markusevangeliet 3,18[2], og Simon seloten i Lukasevangeliet 6,15 [3] og Apostelgjerningane 1,13[4]. Tilnamna kan vise til same tydinga, og kan tolkast som at han høyrde til selotane. Somme, blant dei Hieronymus, har tolka tilnamnet som at han var kom frå Kana i Galilea. I austleg kristendom vert han identifisert med Nathanael av Kana, i somme legender vert han rekna som brudgommen i bryllaupet i Kana.
Den finst ulike tradisjonar om kor Simon verka som misjonær og apostel. Nokre hevdar han etterfølgde Apostelen Jakob som biskop i Jerusalem, men dette kan like gjerne ha vore ein annan ved namn Simon. Etter legendene leid han martyrdauden ved at han vart saga i to på langs.
Referansar endre
- Denne artikkelen bygger på «Simon Ivraren» frå Wikipedia på svensk, den 16. oktober 2010.