Apples and Oranges

Apples and Oranges
av Pink Floyd
B-side

«Paint Box»

Språk engelsk
Utgjeve 18. november 1967
Innspelt 26. og 27. oktober 1967
Sjanger Psykedelisk pop[1]
Lengd 3:08
Selskap Columbia (EMI) (UK)
Komponist Syd Barrett
Tekstforfattar Syd Barrett
Låtskrivar(ar) Syd Barrett
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi 
«Flaming»
(1967)
Apples and Oranges «It Would Be So Nice»
(1968)


«Apples and Oranges» er den tredje singelen til Pink Floyd. Han kom ut i 1967 og er den siste singelen deira skriven av Syd Barrett.[2][3] B-side var «Paint Box», skriven av Richard Wright. Songen omhandlar ei jente som forteljaren møter på supermarknaden. Det er ein av få songar av Pink Floyd som handlar direkte om kjærleik.

Pink Floyd, i lag med Barrett, mima til songen å den første framsyninga i USA på American Bandstand. Etter at Barrett vart erstatta av David Gilmour vart det spelt inn ein promofilm på ein fruktmarknad i Belgia der Waters mimer til songen.

Dette var den første singelen deira som ikkje nådde lista i Storbritannia, og det amerikanske selskapet deira, Tower Records gav ut ein annan singel i USA, «Flaming». Waters gav Norman Smith skulda for det dårlege salet: «'Apples and Oranges' vart øydelagd av produksjonen. Det er ein jævla god song.»[4]

Begge sider av singelen var miksa i stereo, men singelen vart gjeven ut i mono. Stereomiksen av «Paintbox» kom sidan ut på Relics i 1971 og begge songane finst i stereo på samlinga Masters of Rock frå 1974.

Syd Barrett sa sjølv om songen: «Det er ein gladsong med ein snert av jul. Han handlar om ei jente eg såg vandrande rundt i byen, i Richmond.»[5]

Medverkande

endre

Kjelder

endre
  1. «The Piper at the Gates of Dawn (3-CD Deluxe Edition)». Allmusic.com. 
  2. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  3. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X. 
  4. Schaffner, Nicholas. Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey. s. 98. 
  5. MacDonald, Bruno. Pink Floyd: Through the Eyes of the Band, Its Fans, Friends and Foes. s. 188.