Appletonsjiktet, Appleton-laget, Appleton-Barnett-laget eller F-laget er ein del av ionosfæren i jordatmosfæren og ligg mellom 160 og 400 km over jordoverflata.[1] Sjiktet ligg rett over Heaviside-laget (E-laget) og under protonosfæren.

Ionosfærelaga avhengig av tid på dagen

Det er kalla opp etter den engelske fysikaren Edward Victor Appleton, som fekk Nobelprisen i fysikk i 1947 for oppdaginga av dette laget, og etter newzealandske Miles Barnett. Laget fungerer som ein påliteleg reflektor av radiosignal sidan det ikkje er påverka av atmosfæriske tilhøve, sjølv om ionesammensetnaden varierer med solflekksyklusen. Det reflekterer normalhendingsfrekvensar ved eller under den kritiske frekvensen (ca 10 MHz) og absorberer delvis bølgjer av høgare frekvens.

Appletonsjikt er som tettast i ei høgd på rundt 200 km. Her er tettleiken av den omgjevande lufta så låg at rekombinasjonen går langsamt. Difor finst Appletonsjiktet òg om natta, om enn med minkande elektrontettleik. Appletonsjiktet vert ofte delt i to separate lag på dagtid, F1 og F2.

Kjelder endre

  1. «F region». Federal Standard 1037C. 7. august 1996.