Radiobølgjer

(Omdirigert frå Radiobølgje)

Radiobølgjer er elektromagnetiske bølgjer med bølgjelengd frå over 10.000 m til 1 mm, tilsvarande 30 kHz til 300 GHz. Radiobølgjer vert brukt til trådlaus overføring av informasjon. Ei radiobølgje blir generert når ei elektrisk ladning akselererer med ein frekvens som ligg innanfor radiofrekvensdelen av det elektromagnetiske spekteret.

AM- og FM-modulerte radiobølgjer.

Radiobølgjer vert nytta til å overføra informasjon vie radio, fjernsyn, mobiltelefon, etc. Radiobølgjer med lang bølgjelengd kan sendast over horisonten fordi dei vert reflektert av elektrisk lada luftpartiklar i termosfæren

Den aller fyrste bodskapen som vart send over Atlanterhavet med radiobølgjer vart utført i 1901, av italienaren Guglielmo Marconi.

Sjå òg

endre