Aqraba (arabisk عقربة) er ein palestinsk by i Nablus guvernement, 18 kilometer søraust for Nablus nord på Vestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS) hadde Aqraba eit folketal på kring 8 180 innbyggjarar i 2007.[1]

Aqraba
عقربة, 'Aqraba, Akraba
by
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Nablus guvernement
Koordinatar 32°07′35.17″N 35°20′36.82″E / 32.1264361°N 35.3435611°E / 32.1264361; 35.3435611
Areal 34,7 km²
Folketal 8 180  (2007)
Folketettleik 236 / km²
Borgarmeister Jawdat 'Abd al-Hadi
Kart
Aqraba
32°07′35″N 35°20′37″E / 32.126436111111°N 35.343561111111°E / 32.126436111111; 35.343561111111
Wikimedia Commons: Aqraba, Nablus

I nærleiken ligg grender som er ei naturleg forlenging av byen, og desse er al-Arama, al-Kroom, Abu al-Reisa, al-Rujman, Firas al-Din og Tel al-Khashaba. Det samla folketalet i desse grendene er kring 500.

Historie og arkeologi endre

Aqraba er nemnt fleire gonger i Bibelen som Akrabbim og er den sørlegaste grensa i «Det lova landet». Den hebraiske omsetjinga er «skorpionar».[2] Aqraba på arabisk tyder «skorpion» (eintal).

I byen ligg ein moské bygd med eldgamle steinar med greske inskripsjonar og ein kross. I følgje ei lokal egn og fleire britiske forksarar, skal moskeen opphavleg ha vore ei bysantinsk kyrkje. Nord for landsbyen ligg ei borg kalla Qal'at al-Hosn som består av blokker av bygningar på ei høgd.

Kjelder endre

  1. 2007 PCBS Census. Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.110.
  2. Acraba, the last landsby adjacent to the desert Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem. 2000-12-19.

Bakgrunnsstoff endre