Arøya er namnet på fleire øyar i Langesundsfjorden: Store Arøya, Lille Arøya og Vesle Arøya. Store og Lille Arøy har framleis (i 2006) nokre fastbuande, hovudsakleg fiskarar og nokre kunstnarar. Arøyane er saman med Stokkøya dei einaste av øyane i Langesundsfjorden som ligg i Vestfold fylke og Larvik kommune. Øygruppa ligg lengst ut i Langesundsfjorden med Skagerrak som næraste nabo i sør. Arøyane dannar eit unikt område med stille sund, svaberg og ei rekkje hytter.

Arøya
øy
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Stad Langesundsfjorden
Høgaste punkt
 •  høgd 69 moh.
Kart
Arøya
59°00′08″N 9°47′56″E / 59.002222222222°N 9.7988888888889°E / 59.002222222222; 9.7988888888889

Hytter

endre

Det er bygd stadig fleire hytter på øyane, hovudsakleg for innbyggjarar frå Grenlandsområdet (Porsgrunn og Skien) men i stadig større grad vert det kjøpt nye hytter av personar frå Oslo-området. Det har dei seinare åra vore stor utbygging og oppgradering av eksisterende hyttemasse. Øyane har ferjesamband med Helgeroa og Langesund heile året (Skjæløy og Ragnøy). I sommarhalvåret er det stor trafikk av sommargjester på ferjesambandet. Om sommaren går det ferje kvar time, heile dagen 7 dagar i veka, medan det i vinterhalvåret går rute to gonger dagleg. Det er òg taxibåt med base på den nærliggande Stokkøya (MS «Røkke»)