Arabia Terra er eit landområde i høglanda på Mars, på den nordlege halvkula. Det strekkjer seg over 4 500 kilometer frå aust til vest. Det vart namnsett etter ein formasjon på eit Mars-kart frå 1800-talet teikna av Giovanni Schiaparelli.

Sokkelkrater aust i Arabia Terra fotografert av Mars Express

Typisk for landområdet er bratte åsar, dalar og eldgamle nedslagskrater som har gjennomgått mykje erosjon og omdanning.

Arabia Terra grensar til Terra Sabaea i søraust, Noachis Terra i sør, og Margaritifer Terra i sørvest. I nordleg retning grensar området til Chryse Planitia, Acidalia Planitia og Vastitas Borealis. [1]

Kjelder endre

  1. Regionar på Mars og grensene deira hjå Gazetteer of Planetary Nomenclature

Bakgrunnsstoff endre