Arad i Romania
Arad | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | ![]() | ||||
Fylke | Arad | ||||
Grunnlagd | 1156 | ||||
Borgarmeister | Gheorghe Falcă | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
46,18 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2011) - folketettleik |
159 074 3 444,7 /km² | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 310xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 57 | ||||
Bilnummer | AR | ||||
Nettstad: www.primariaarad.ro |
Arad (/a'rad/; ungarsk: Arad; serbisk: Арад, Arad) er hovudstaden i Arad fylke, vest i Romania, i Transilvania. Han ligg ved elva Mureș og har om lag 165 000 innbyggjarar.
Arad er ein moderne by, eit viktig industrisenter og eit transportknutepunkt. Han er òg eit bispesete med domkyrkje og har to universitet og eit musikkonservatorium.
Byen vart grunnlagd i 1156 og høyrte til Det osmanske riket frå 1552 til 1685. Etter 1685 kom byen inn under Ungarn som måtte gje frå seg byen til Romania i 1918.
BusetnaderEndra
Arad er ein municipiu (større bykommune) med den eine busetnaden:
Busetnad | Folketal 2011[1] |
---|---|
Arad | 159 074 |
BakgrunnsstoffEndra
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger delvis på «Arad» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2008.
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 «Populatia stabila (rezidenta) pe judete, categorii de localitati, municipii, orase, comune si localitati componente (Stabil befolkning (busett) etter fylke, lokalitetskategoriar, municipiu, oraș, comună og komponentlokalitetar)». Institutul Național de Statistică (Det nasjonale instituttet for statistikk). 31. oktober 2011. Henta 15. april 2022.