Arafurahavet

Arafurahavet (indonesisk Laut Arafura) er eit randhav til Stillehavet. Det ligg aust for Indonesia, sør for Ny-Guinea og nord for Australia. Mot vest grensar Arafurahavet til Timorhavet og Bandahavet, og mot aust dannar Torressundet passasje mot Korallhavet. Mot sør dannar Arafurahavet den breie Carpentariabukta mellom Arnhem Land og Kapp York-halvøya.

Arafurahavet
hav
Locatie Arafurazee.PNG
Land Flag of Indonesia.svg Indonesia
Del av Stillehavet

Arafurahavet
9°30′ S 135°0′ E
Wikimedia Commons: Arafura Sea

Arafurahavet er 1290 km langt og 560 km breitt. Havet er eit grunt sokkelhav med djupner på mellom 50 og 80 meter.

KjelderEndra