Arnhem Land er ein av fem regionar i Nordterritoriet i Australia. Han ligg i det nordaustlege hjørnet av territoriet og rundt 500 kilometer frå hovudstaden i territoriet, Darwin. Regionen dekkjer eit område på rundt 97 000 km² og har eit folketal på 16 230. Det administrative senteret er Nhulunbuy, som er den fjerde største busetnaden i Nordterritoriet.

Arnhem Land
region
Land  Australia
Del av Top End
Kart
Arnhem Land
12°44′S 134°35′E / 12.73°S 134.59°E / -12.73; 134.59
Wikimedia Commons: Arnhem Land

Den britiske oppdagaren Matthew Flinders gav området namn etter det nederlandske skipet «Arnhem», som var på oppdagingsreise i området rundt 1623. Skipet var igjen kalla opp etter Arnhem i Nederland.

Klimaet i Arnhem Land er tropisk monsunklima med ei tørr årstid og regntid med liten temperaturvariasjon.

Området er eit senter for aboriginarkultur. Aboriginarar og forfedrane deira har budd her i titusentals år, og ei kring 35 000 år gammal steinøks som er den eldste av sitt slag er funnen her.[1] Ein har også funne bergkunst som kan vera kring 10 000 år gammal her som viser det som kan tolkast som konflikt mellom ulike grupper.[2] I 1931 blei eit område på 96,000 kvadratkilometer (37,066 sq mi) utsett som aboriginarreservat, Arnhem Land Aboriginal Reserve. I 2007 omfatta området rundt 100,000 kvadratkilometer (38,610 sq mi) som aboriginarland, med unntak av nokre gruveområde.[3]

Kakadu nasjonalpark ligg i Arnhem Land.

Kjelder endre

  1. Masters, Emma (4. november 2010). «Oldest known stone axe found in Arnhem Land». ABC News. Australian Broadcasting Corporation. Arkivert frå originalen 23. september 2020. Henta 18. august 2020. 
  2. Taçon, Paul; Chippindale, Christopher (October 1994). «Australia's Ancient Warriors: Changing Depictions of Fighting in the Rock Art of Arnhem Land, N.T.». Cambridge Archaeological Journal 4 (2): 211–248. doi:10.1017/S0959774300001086. 
  3. «History». East Arnhemland. Arkivert frå originalen 27. juni 2007. Henta 5. juni 2007.