Aras-demninga
Aras-demninga (aserbajdsjansk Araz su anbarı, persisk سَدِّ اَرَس) er ein fyllingsdam over Araselva langs grensa mellom Iran og Aserbajdsjan. Han ligg nedanfor Poldasht i Vest-Aserbajdsjan i Iran og Nakhitsjevan i den autonome republikken Nakhitsjevan i Aserbajdsjan. Hovudføremålet med demninga er reservoar for eit vasskraftverk og vassforsyning.
Aras-demninga | |||
demning | |||
Land | Iran, Aserbajdsjan | ||
---|---|---|---|
Stad | Poldasht, Nakhitsjevan | ||
• høgd | 777,5 moh. | ||
- koordinatar | 39°05′28″N 45°24′08″E / 39.09111°N 45.40222°E | ||
Lengd | 1 026 m | ||
Breidd | 8 m | ||
Høgd | 40 m | ||
Areal | 145 km² | ||
Volum | 1,35 km³ | ||
Opning | 1971 | ||
• Byggjestart | 1964 | ||
Turbinar | 4 x 11 MW | ||
Utsleppskapasitet | = 66,5 m³/s | ||
Reservoar | = Aras Reservoir | ||
Kapasitet | 44 MW | ||
Aras-demninga 39°05′28″N 45°24′08″E / 39.09111111°N 45.40222222°E | |||
Wikimedia Commons: Aras Dam |
11. august 1957 vart det underteikna ein avtale mellom Sovjetunionen og Iran i Teheran om å byggje Arasdemninga.[1] Dette vart gjort på ei tid då Aserbajdsjan var ein del av Sovjetunionen. Bygginga av demninga byrja i 1963 og stod ferdig i 1970.[2]
Arasdemninga er 40 meter høg frå fundamentet og 34 meter over elva.[2] Det er ein fylldemning fylt med sand og ein kjerne av leire. Han er 1 026 meter lang og åtte med brei på midten.[2] Reservoaret bak demninga ligg normalt sett 777 moh og held på 1,35 km³ vatn, med ei overflate på 145 km².[3]
Kraftverket har fire turbinar med ein kapasitet på 11 megawatt kvar. To av generatorane står på den iranske sida og dei andre to på den aserbajdsjanske.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Aras Dam» frå Wikipedia på engelsk, den 11. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Agreement between Iran and the Soviet Union for the joint utilisation of the frontier parts of the rivers Aras and Atrak for irrigation and power generation» (PDF). Iran, USSR. Arkivert frå originalen (PDF) 23. juli 2011. Henta 7. april 2021.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 Filipuzzi, Serena; Faramarzi, Monireh (March 2007). The Science and Politics of Large Dam Project Aras river basin: dam facility and water management policy. An analysis on performance (PDF). Eawag. Henta 7. april 2021.[daud lenkje]
- ↑ «Information on Water Reservoirs». Water resources database. Arkivert frå originalen 11. april 2021. Henta 7. april 2021.