Arba'in
Arba'in (arabisk الاربعين, 'førti') eller tsjehelom (urdu) er ei høgtid feira av sjiamuslimar. Dagen blir feira årleg den tjuande safar, førti dagar etter asjura, dødsdagen til martyren Husayn ibn Ali i 680. Dette er den vanlege lengda på sørgjetida i islam.
Karbala i Irak med Husayn-moskeen er den viktigaste staden for denne høgtida. Feiring av høgtida i byen var forbode i mange år under Saddam Hussein sitt styre. Ho kunne markerast igjen etter den USA-leia invasjonen av Irak i 2003. I 2008 kom det rundt ni millionar pilegrimar til byen under arba'in.
Tidspunkt
endreVestlege datoar for arba'in | |
---|---|
2006 | 21. mars |
2007 | 10. mars |
2008 | 28. februar |
2009 | 15. februar |
2010 | 5. februar |
2011 | 25. januar |
Medan arba'in alltid fell på same dato i den muslimske kalenderen, 20. safar, flytter feiringa seg i høve til den gregorianske. Det muslimske året er noko kortare enn det vestlege, og arba'in fell derfor noko tidlegare kvart år.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arba'in» frå Wikipedia på svensk, og «Arba'een» frå Wikipedia på engelsk den 15. februar 2009.