Husayn ibn Ali
- For kongen av Hedsjas, sjå Hussein bin Ali.
Husayn ibn Ali (8. januar 626–10. oktober 680) er ein viktig person innan islam, særleg sjiaislam. Han var son av Ali ibn Abi Talib, den siste kalifen godteken av alle muslimar, og gjennom mora Fatima dotterson av profeten Muhammed. Innan sjiaislam er han rekna som den tredje imamen og blir kalla Imam Hussein. Han blei drepen i slaget ved Karbala.
Husayn var fødd i Medina den 3. sjabán etter den muslimske kalenderen og døydde den 10. muharram. Dødsdatoen er ei viktig høgtid for sjiamuslimar og for fleire sunnimuslimar, særleg grupper med røter i sufisme. Martyriet hans blir minna årleg gjennom muharram og asjura-dagen.
Kjelder
endre«Husayn_ibn_Ali» i Store norske leksikon, snl.no.