Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole
Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole (AFR) er ein frilynt folkehøgskule i Ringsaker kommune i Innlandet. Skulen tar imot vel 80 elevar kvart år. Skulen er eigd av Landsorganisasjonen, og vart stifta i 1939. Skulen var stengd i skuleåret 1990–1991 grunna totalrenovering.
Etter fleire år med underskot vedtok eigarane (LO) i 2004 å leggje ned drifta av skulen. Ola Bergum vart tilsett for å leggje ned skulen, men i staden klara han saman med dei tilsette å snu økonomien til å gå i nær null. Skulen har opparbeida seg eit overskotsfond, men stadige vedlikehaldsutgifter gjer at skulen si framtid framleis ikkje er sikker.
Linjefag
endre- Fotografi
- Fotojournalistikk
- Grafisk design
- Journalistikk
- FN-akademiet
- Media 2
Bakgrunnsstoff
endre- Skulen si heimeside Arkivert 2008-01-23 ved Wayback Machine.