Arbeidstvistlova
Arbeidstvistlova av 5. mai 1927 nr. 1 er ei norsk lov som regulerer handsaminga av tvistar mellom partane i arbeidslivet. Den avløyste den første arbeidstvistlova av 6. august 1915, og har sidan den kom til i 1927 blitt endra ei rekkje gongar.
Gjennom arbeidstvistlova av 1915 vart Arbeidsretten og Riksmeklingsmannen skipa, med verknad frå 1. januar 1916.
Arbeidstvistlova regulerer to typar tvistar:
- Rettstvistar har med tolking av overeinskomstar/avtalar å gjere. Her er Arbeidsretten sentral.
- Interessetvistar gjeld oppretting og fornying av tariffavtale.
Lova gir reglar for saksgang og kven som er representantar på dei ulike trinna i sakshandsaminga. Den legg også ned eit forbod mot streik eller lockout under tariffoppgjer før mekling har skjedd (fredsplikt).
For tilsette i staten gjeld i tillegg ei eiga lov, tenestetvistlova.
Bakgrunnsstoff
endre- Arbeidstvistlova hos Lovdata
- Arbeidstvistloven - historie, utvikling og endringer Arkivert 2011-07-26 ved Wayback Machine. på Arbeidsretten sin nettstad