Riksmekleren
Riksmeklingsmannen er eit norsk statleg embete som har til oppgåve å mekle i interessetvistar mellom partane i arbeidslivet, det vil seie tvistar om oppretting eller revisjon av tariffavtalar. Den statlege meklingsordninga blei innført i Noreg frå 1.1.1916, då den første arbeidstvistlova av 1915 vart sett i verk. Embetet er i dag heimla i lov av 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvister og ligg administrativt under Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Embetet skiftar namn til Riksmeklaren når den nye arbeidstvistlova trer i kraft.
Embetet blir leia av riksmeklingsmannen, som blir oppnemnt av Regjeringa for tre år i gongen. Vidare har embetet åtte faste kretsmeklingsmenn som hovudsakleg meklar i lokale tvistar.
Meklingsmennene skal varslast om einhver plassoppseiing. I tvistar skal dei prøve å kome fram til forslag som begge parter kan bli einige om.
Riksmeklingsmenn
endre- 1. januar 1916–1. mars 1920: J.M. Lund
- 1. mars 1920–1. januar 1921: Vilhelm Lie
- 15. februar 1921–8. desember 1922: P.I. Paulsen
- 8. desember 1922–31. desember 1930: Valentin Voss
- 1. januar 1931–31. desember 1945: Andreas Claussen
- 1. januar 1946–18. januar 1948: Paal Berg
- 1. april 1948–1. april 1954: Henrik Lundh
- 1. april 1954–31. desember 1964: Thoralf Evje
- 1. januar 1965–31. desember 1974: Preben Munthe
- 1. januar 1975–30. november 1981: Konrad B. Knutsen
- 15. januar 1982–15. januar 1988: Bjørn Haug
- 15. januar 1988–31. desember 2004: Reidar Webster
- 1. januar 2005–16. april 2009: Svein Longva
- 1. september 2009–31. august 2012: Kari Gjesteby
Bakgrunnsstoff
endre- Riksmekleren
- Lov om arbeidstvistar, Lovdata.
- Lov om offentlege tenestetvistar, Lovdata.