Arches nasjonalpark

Arches nasjonalpark er ein 310,3 km² vid nasjonalpark, aust i delstaten Utah i USA. Nasjonalparken vart oppretta 12. november 1971, men allereie i 1929 teke med som National Monument. Arches nasjonalpark ligg mellom 1425 og 1723 meter over havet i eit landskap med ein årsnedbør på ikring 250 mm.

Delicate Arch

Arches nasjonalpark er verna grunna dei mange uvanlege formasjonane i sandstein. Framom alt gjeld det dei om lag 2000 naturskapte steinbogane, med Delicate Arch og Double Arch som dei mest kjende.

Kjelder endre