Site of Special Scientific Interest
(Omdirigert frå Area of Special Scientific Interest)
Site of Special Scientific Interest eller SSSI («stad av særskild vitskapleg interesse») er ein status eit verneområde kan ha i Storbritannia. SSSI-området er grunnlaget for stadbasert naturvern etter britisk lov og dei fleste andre naturlege eller geologiske verneområde i Storbritannia er basert på desse, som nasjonale naturreservat, ramsarstader, Special Protection Area (særskild verneområde) og Special Areas of Conservation («særskild bevaringområde»).
SSSI-område kan vidare delast inn i biologiske SSSI og geologiske SSSI. Fleire SSSI-område er både biologiske og geologiske.
I Nord-Irland vert SSSI-stader kalla Area of Special Scientific Interest (ASSI).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Site of Special Scientific Interest» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Walisiske SSSI Arkivert 2008-02-15 ved Wayback Machine.
- Engelske SSSI
- Skotske SSSI
- Nettside som finn næraste SSSI etter postnummer Arkivert 2011-07-13 ved Wayback Machine.
- Nordirske ASSI Arkivert 2008-03-27 ved Wayback Machine.