Arendalsfeltet er eit geologisk område mellom Fevik og Tvedestrand i Agder fylke, hovudsakleg innanfor Arendal kommune. Arendalsfeltet er spesielt kjent for førekomstane av jernmalm og kalksilikat-bergartar. Ein reknar med at kalksilikat-bergartane vart danna ved regionalmetamorfose av ureine kalksteinar eller at dei vart danna som skarn på grensa mellom kalksteinar og inntrengte granittiske smeltar.

Det har vore gruvedrift og vunne ut jern i Arendalsfeltet frå ca. 1585 til ca. 1975, då den siste gruva ved Bråstad vart lagt ned. Den eldste gruva vart oppretta i 1660-åra i Barbudalen, ikkje så langt frå sentrum av Arendal. Malm frå Arendalsfeltet hadde spesiell høg kvalitet og var ein ettertrakta råvare ved alle dei tidlegare, norske jernverka. I 1620-1870 leverte gruvene herfrå 2/3 av all malm som vart brukt ved norske jernverk.

Kjelder endre